Splatoon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Splatoon
Splatoon Logo.png
Utviklar(ar)Nintendo EAD
Utgjevar(ar)Nintendo
Regissør(ar)Yusuke Amano
Tsubasa Sakaguchi
Produsent(ar)Hisashi Nogami[1]
Komponist(ar)Toru Minegishi
Shiho Fujii
Plattform(er)Wii U
UtgjeveJP: 28. mai 2015
NA: 29. mai 2015
EU: 29. mai 2015
SjangerSkytespel i tredjeperson
SpelemodusEinspelar, fleirspelar

Splatoon er eit skytespel i tredjeperson utvikla og utgjeve av Nintendo til Wii U. Det blei utgjeve 28. mai 2015 i Japan, og dagen etter i Nord-Amerika og Europa. Spelet sentrerer om karakterar kjent som Inklings, som er antropomorfiske blekksprutar. Dei kan skifte mellom humanoid- og blekksprutform, og gøyme seg i eller symje gjennom farga blekk som er sprøyta på overflater ved hjelp av våpen som pistolar, bøtter eller penslar. Splatoon har fleire ulike spelemodusar, mellom anna fire mot fire-kampar over internett og ein einspelarkampanje.[2]

Splatoon fekk positiv mottaking då spelet blei avduka og lansert. Kritikarar roste mellom anna avgjerda til Nintendo om å tre inn i ein ny sjanger innan dataspel, den overordna stilen og presentasjonen i spelet, spelemekanikkane og lydsporet. Kritikk var retta mot at spelet ikkje støtta voice chat og private lobbyar, det låge talet på arenaer ved lanseringa og tekniske problem med å etablere kampar over internett.[3] Nintendo leverte omfattande støtte til Splatoon etter lanseringa ved å legge nye arenaer, våpen og funksjonar til spelet, i tillegg til å arrangere tidsavgrensa storhendingar kalla «Splatfests».[4]

Splatoon har selt 4,93 millionar kopiar sidan lanseringa.[5] Ein oppfølgar, Splatoon 2, blei utgjeven til Nintendo Switch i 2017.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]