Splatoon 2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Splatoon 2
Splatoon 2.svg
Utviklar(ar)Nintendo EPD
Utgjevar(ar)Nintendo
Regissør(ar)Yusuke Amano
Seita Inoue
Shintaro Sato
Produsent(ar)Hisashi Nogami
Komponist(ar)Toru Minegishi
Ryo Nagamatsu
Shiho Fujii
Plattform(er)Nintendo Switch
Utgjeve21. juli 2017
SjangerSkytespel i tredjeperson
SpelemodusEinspelar, fleirspelar

Splatoon 2 er eit skytespel i tredjeperson utvikla og utgjeve av Nintendo. Det vart utgjeve internasjonalt til Nintendo Switch den 21. juli 2017 og er ein oppfølgjar til Wii U-spelet Splatoon frå 2015. Spelet sentrerer om karakterar kjent som Inklings, som er antropomorfiske blekksprutar. Dei kan skifte mellom humanoid- og blekksprutform, og gøyme seg i eller symje gjennom farga blekk som er sprøyta på overflater ved hjelp av våpen som pistolar, bøtter eller penslar. Splatoon 2 har dei same spelemodiane som forgjengaren, mellom anna fire mot fire-kampar over internett og ein einspelarkampanje. Det har ein ny modus, Salmon Run, der opp til fire spelarar samarbeider om å samle egg frå lakseliknande monster kjende som «salmonoids».[1]

Splatoon 2 har hovudsakleg fått positive omtalar[2] og har selt over seks millionar kopiar per 31. mars 2018.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nintendo Switch: Splatoon 2». nintendo.no. Henta 31. mai 2018. 
  2. «Splatoon 2 for Switch Reviews». Metacritic. Henta 31. mars 2018. 
  3. «IR Information: Sales Data - Top Selling Title Sales Units». Nintendo. Henta 17. marts 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]