Spontant symmetribrot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Spontant symmetribrot i eit enkelt mekanisk system

Spontant symmetribrot er eit fenomen i fysikken der ein symmetri hos eit system bryt grunntilstanden (eller vakuumtilstanden hos ein kvantefeltteori)

Dømet i figuren viser eit symmetrisk mekanisk system, der den symmetriske situasjonen ikkje har lågast energi og finn seg i labil likevekt. Eit anna enkelt døme på spontant symmetribrot er ferromagnetisme. Strukturen til jarnet har speglingssymmetri, og ved høge temperaturar finst ingen spontan magnetisering. Men om det blir kjølt ned til under Curiepunktet, oppstår det eit spontant magnetisk moment innan små domener.

Eit anna døme der symmetrien spontant vert broten ved ein faseovergang er superleiar og Meissner-effekten.

Eit døme er den såkalla Higgsmekanismen, der tre av dei fire elektrosvake bosona , W+, W- og Z0 får masse ved at den elektrosvake gaugesymmetrien vert broten spontant til den elektromagnetiske gaugesymmetrien. Fotona blir verande masselause. Dette er ein eigenskap hos den kjente Weinberg-Salam-teorien, som Steven Weinberg og Abdus Salam fekk Nobelprisen i fysikk for i 1979.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!