Sportsklubben Hardy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sportsklubben Hardy er eit idrettslag, stifta 10. oktober 1915, heimehøyrande i Bergen. Laget spelte i mørkeblå trøyer og kvite bukser. I 2015 hadde ikkje klubben lag i seriesystemet.

SK Hardy sokna frå starten, til 1960-åra, til bydelen Nygård i Bergen. I 1930-åra var Hardy eit av Bergens og Noregs beste fotballag. 1935-sesongen tok laget seg til semifinalane i noregmeisterskapen. I semifinalen, som vart avvikla på Brann stadion framfor 17 000 tilskodarar, måtte Hardy tole tap 0-3 mot Fredrikstad Fotballklubb, den blivande noregsmeisteren. To av Hardy-spelarane spelte året etter på Noregs OL-lag under Sommar-OL 1936, det såkalla Bronselaget som vann 3-2 over Polen i bronsefinalen. Vengen Magdalon Monsen deltok einast i den eine OL-kampen, medan indreløparen Odd Frantzen også var med då Tyskland vart slått 2-0, samt då Noreg tapte 1-2 mot Italia under Fotball-VM 1938 i Frankrike.

Frå sist på 1960-talet svikta rekrutteringa til SK Hardy, og klubben flytta til bydelen Mannsverk. Laget spelte i seriesystemet i lokale Hordalands-avdelingar til 1995, då Hardy trekte seg frå den ordinære seriefotballen. Fram til 2014 deltok likevel klubben i sjuarfotball og oldboys-fotball.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]