Fotballandskampen Noreg-Italia i VM-1938

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Fotballandskampen Noreg-Italia i VM i fotball 1938 fann stad 5. juni 1938 på Stade Velodrome i Marseille. Landskampen var ein av kampane i 1. runde av meisterskapen, som vart arrangert som utslagsturnering.

Fire av dei norske spelarane kom frå Lyn, to frå Fredrikstad FK og like mange frå Odd, dessutan var Vålerengen IF, SK Hardy og Viking FK representert. Målvakta Tippen Johansen spelte sin 45. lanskamp, medan senterforward Brynildsen spelte sin 2. landskamp. Inter med fire spelarar og AS Roma med to var best representert i Italia sitt mannskap. Kapteinen Meazza var mest rutinert av italienarane, landskampen var hans 44.

Noregs lag bestod av Henry Johansen, Rolf Johannessen, Øivind Holmsen, Kristian Henriksen, Nils Eriksen (kaptein), Rolf Holmberg, Odd Frantzen, Reidar Kvammen, Knut Brynildsen, Magnar Isaksen og Arne Brustad.

Italia stilte med: Aldo Olivieri, Eraldo Monzeglio, Pietro Rava, Pietro Serantoni, Michele Nadreolo, Ugo Locatelli, Piero Pasinati, Giuseppe Meazza (kaptein), Silvio Piola, Giovanni Ferrari og Pietro Ferraris.

Venstrevengen Ferraris skåra for Italia allereie i det 2. minutt. Arne Brustad utlikna sju minuttar før ordinær tid var ute, og fekk så underkjent ei nettkjenning få minuttar seinare. Berre fire minuttar ut i 1. ekstraomgang vart Silvio Piola matchvinnar for Italia.

Italia vann sidan meisterskapen med 4-2 over Ungarn i finalen. På vegen hadde laget slått ut Frankrike i kvarfinalane og Brasil i semifinalane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Kampreferat i eu-football