Språket muisca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Muisca, òg kjend som chibcha eller mosca, er eit utdøytt chibchansk språk som vart snakka av muiscafolket i Colombia fram til slutten av 1700-talet. Karl III av Spania forbaud språket 10. mai 1770, og det vart verande forbode fram til 1990, men då var det for lengst utdøydd. Det vert i dag undervist i muisca på ein skule i kommunen Cota.

Namnevarianten chibcha har gjeve namn til den chibchanske språkfamilien.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]