Karl III av Spania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karl III
Charles III of Spain.jpg
Fødd 20. januar 1716
Madrid
Død

14. desember 1788
Madrid

Tittel Konge av Spania
Periode 1759-1788
Føregjengar Ferdinand VI
Etterfylgjar Karl IV
Tittel Konge av Napoli
Konge av Sicilia
Periode 1735-1759
Føregjengar Karl VI av Det tysk-romerske riket
Etterfylgjar Ferdinand III & IV
Tittel Hertug av Parma
Føregjengar Antonio
Etterfylgjar Karl VI av Det tysk-romerske riket
Far Filip V av Spania
Mor Elisabeth Farnese
Karl III av Spania på Commons

Karl III av Spania (20. januar 171614. desember 1788) var konge av Spania 1759-1788 (som Carlos III de Borbon), konge av Dei to Sicilia 1735-1759, og Hertug av Parma 1732–1735 (som Carlo I). Han var første son frå Filip V sitt andre ekteskap med Elizabeth Farnese av Parma. Han var ein av dei såkalla opplyste despotane.

Han arva Spania etter halvbror sin Ferdinand VI. Han motarbeidde all innskrenking av kongemakta, men var ein utrøytteleg reformator og velferdspolitikar. Mellom anna vart sivil rettspleie fjerna frå påverknaden til kyrkjene. Jesuittane vart forvist frå landet i 1767, og Karl var med i arbeide for å få ordenen oppheva i 1769. I utanrikspolitikken heldt Karl seg til Frankrike, og han slutta i 1761 den bourbounske familiepakta. I 1762 vart han med i sjuårskrigen mot Storbritannia. Dette førte til nederlag både til sjøs og i Portugal, og Spania tapte Florida. Etter å ha støtta koloniane i Nord-Amerika i fridomskampen, fekk Spania Florida att i 1783.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]