Sprachbund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sprachbund, eller «språkknippe», er ein språkvitskapleg term for språk som ikkje er i slekt, men som har vorte meir lik kvarandre som resultat av at dei blir snakka nær kvarandre, gjerne av fleirspråklege talarar. Det klassiske dømet på sprachbund er Balkan, der gresk, albansk, serbisk/kroatisk, makedonsk, bulgarsk og tildels rumensk har ein del grammatiske trekk til felles som ein ikkje kan finne i slektspråka deira.