Sprinterne
«Sprinterne» er eit dikt skrive av Nordahl Grieg etter Sommar-OL i Berlin i 1936.
Etter OL skreiv Nordahl Grieg eit bitande ironisk dikt om «niggeren» og «germanarane» der Jesse Owens hadde vunne over mellom anna tyske Wilhelm Leichum og det tyske stafettlaget. Adolf Hitler hadde nekta å helsa på eller gratulere Owens.
Diktet vart først publisert i Grieg sitt tidsskrift Veien Frem i 1936. På åtte korte linjer får Grieg framheva sitt syn på den tyske oppfattinga av dei overlegne eigenskapane til den ariske rasen og jødeforfølginga, som då var lite påakta elles i verda.
Niggeren Owens sprinter,
germanerne stuper sprengt.
Det blonde stadion undres,
og Føreren mørkner strengt.
Men tenk da med trøst på alle
jødiske kvinner og menn
som sprang for livet i gaten
– dem nådde dere igjen!
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sprinterne» frå Wikipedia på bokmål, den 30. april 2017.