Jesse Owens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jesse Owens


Statsborgarskap USA
Fødd 12. september 1913
Oakville
Død

31. mars 1980 (66 år)
Tucson

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1936

Utmerkingar

Presidentens fridomsmedalje, Kongressens gullmedalje, Theodore Roosevelt Award, Verdienstkreuz 1. Klasse des Verdienstordens der Bundesrepublik Deutschland, Associated Press Athlete of the Year

Jesse Owens, eigentleg James Cleveland Owens, (12. september 191331. mars 1980) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar, fødd i Lawrence County i Alabama. Han vart vide kjend gjennom Sommar-OL 1936 i Berlin der han vann fire gullmedaljar og vart den store framgrunnsfiguren i leikane.

Den 25. mai 1935 i Ann Arbor sette Owens verdsrekord i lengdehopp med på 8,13 meter, ein rekord som stod til 1960. Straks etter rekordhoppet vann han 200 meter, eigentleg 220 yards, på 20,3 sekundar, også det verdsrekord.

Under sommarleikane 1936 i Berlin vann Owens 100 meter på tida 10,3 den 3. august, lengdehopp 4. august med 8,06 m, 200 meter den 5. august, tid 20,7 sekundar. Den 9. august vann han si fjerde gullmedalje då han sprang ein etappe for USA i 4 x 100 meter stafett.

Seinare i 1936, sa han at han ikkje hadde blitt oversett av Tysklands regjeringssjef, og han la til at USAs president ikkje sendte gratulasjon fordi presidenten var oppteken.[1][2]

Owens døydde i Tucson i Arizona.

I skjønnlitteraturen er det skrive om Owens, mellom anna i det ironiske diktet "Sprinterne" - skrive av Nordahl Grieg etter Sommar-OL i Berlin i 1936.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. TruthTV (October 21, 2016). «Jesse Owens Meet Adolf Hitler During 1936 Olympics» – via YouTube. 
  2. «Owens Nearly Mobbed as He Speaks Here». The Afro American. October 10, 1936. Henta November 15, 2015.