Srbuk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Srbuk

Fødd3. april 1994 (30 år)
FødestadJerevan
FødenamnՍրբուհի Սարգսյան
OpphavArmenia
Aktiv2010–
Sjangerpop, soul, jazz
Instrumentkanun, vokal
Verka somsongar

Srbuhi Sargsjan (fødd 3. april 1994), kjend under artistnamnet Srbuk, er ein armensk songar. Sargsjan vart først kjend i Armenia då ho deltok i den fyrste sesongen av den armenske versjonen av The X Factor, der ho enda på andreplass. I 2018 deltok ho i den åttande sesongen av ukrainske The Voice, og enda på fjerdeplass. Srbuk representerte Armenia i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel med låten «Walking Out».[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sargsjan vart fødd 3. april 1994 i Jerevan, hovudstaden i Armenia. Ho studerte ved Komitas statlege musikkonservatorium i Jerevan, der ho lærte seg å spela strengeinstrumentetet kanun.[2][3]

I 2010 prøvesong Srbuk til den fyrste sesongen av armenske The X Factor. Ho song «Soon We'll Be Found» av artisten Sia og vart med på laget til musikaren Garik Papojan. Til slutt enda Srbuk på andreplass i tevlinga.[2] I 2012 skipa Srbuk bandet Allusion, og i 2014 song ho på singelen til Papojan «Boat» – eitt av spora til den russiske filmen Лёгок на помине.[2][3]

I 2016 gav Srbuk ut debutsingelen sin «Jete karogh es».[4] I 2018 deltok ho i den åttande sesongen av Holos krajiny, der ho hadde den ukrainske songaren Potap som mentor, og enda på fjerdeplass.[2] I november 2018 vart det offentleggjort at Srbuk skulle representere Armenia i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel. Like etter offentleggjeringa, opna Armenias offentlege TV-selskap opp for at låtskrivarar kunne sende inn sine bidrag til Srbuk.[5][6] Bidraget vart «Walking Out» som Srbuk framførte i semifinale 2. Srbuk og «Walking Out» kom ikkje blant dei ti beste i semifinalen og gjekk dimed ikkje vidare til finalen.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Som hovudvokalist[endre | endre wikiteksten]

Tittel År Album
«Jete karogh es»[4] 2016 Ikkje frå album
«Half a Goddess»[7] 2018
«Walking Out» 2019

Som med-artist[endre | endre wikiteksten]

Tittel År Album
«Boat»
(Garik Papojan med Srbuk)[8]
2014 Ikkje frå album
«Let Me Down»
(Hambik Ashot med Srbuk)[9]
2018

Referansar[endre | endre wikiteksten]