Stadsgårdshissen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stadsgårdshissen fotografert ikring 1910
Stadsgårdshissen i 2009

Stadsgårdshissen (som òg vart kalla Sofiahissen) var ein personheis for ålmenta på Södermalm i Stockholm i Sverige, opna i 1907 og stengd i oktober 1971. Heisutstyret og maskineri er fjerna, men resten står att og vart gjennomgripande renovert i 2008.

Heisen låg aust for Katarinahissen og gav samband mellom Stadsgården og den øvre parten av Katarinavägen. Her er det ein bratt bergvegg mellom den nedre delen av byen langsetter sjøen og øvre delen. Den nedre inngangen til heisen er ein bygning i raud teglstein, og låg på eit kaiområde då heisen var ny, og dei fleste som nytta heisen var hamnearbeidarar som skulle til og frå arbeidet. Men no ligg denne bygningen rett attmed den sterkt trafikkerte gata Stadsgårdsleden. Mellom denne nedre inngangen og den øvre inngangen gjekk heisen gjennom eit tårn av ope stålfagverk. Den øvre inngangen er eit trehus med tak av metallplater, og med ei gangbru inn på fast grunn.

Etter at heisen var teke ut or bruk, vart den øvre bygningen nytta i åra 1983–2017 som atelier (kunstnarverkstad) av kunstnaren og trubaduren Carl Anton (Carl-Anton Axelsson, fødd 1933). Han berga heisen frå å verte fjerna heilt, på vilkår av at han tok seg av vedlikehaldet.

Stadsgårdshissen vart bygd på initiativ av grossist og konsul E. W. Djurling, som òg tok på seg byggjekostnaden på drygt 50 000 kronor. Dette var den tredje personheisen som vart bygd for å gje samband mellom det nedre og øvre terrengnivået langsetter høgdeskilnadene på denne strekninga nord på Södermalm. Den fyrste var Katarinahissen frå 1883, og den andre var den 28 meter høge Mariahissen frå 1885 vest for Katarinahissen, teke ut or bruk i 1926.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]