Standard Liège

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klubbflagget vaiar over heimebanen

Royal Standard de Liège, kjend som Standard Liège, er ein belgisk fotballklubb heimehøyrande i Liège. Klubben, som vart skipa i 1898, har utan avbrot delteke i den nasjonale toppdivisjonen sidan 1921, lenger enn nokoan annan klubb. Standard Liège spelar heimekampane på Stade Maurice Dufrasne, eit stadion frå 1909 med plass til 30 000 tilskodarar. Laget spelar i raude drakter og kvite bukser.

Standard Liège har vunne ti seriemeisterskap, sist i 2009. Seks gongar klubben vunne den nasjonale cupmeisterskapen. I 1982 spelte Standard Liège seg fram til finalen i cupvinnarcupen, ein kamp som enda med tap 1-2 mot FC Barcelona.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Tapande finalist i Cupvinnarcupen 1982
  • Seriemeister i Belgia: 1958, 1961, 1963, 1969, 1970, 1971, 1982, 1983, 2008 og 2009
  • Cupmeister i Belgia: 1954, 1966, 1967, 1981, 1993 og 2011

Kjelder[endre | endre wikiteksten]