Stargatsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stargatsj
fjell
none
Land Flag of Greece.svg Hellas, Flag of Bulgaria.svg Bulgaria
Høgd 1 270 moh

Stargatsj er eit fjell på grensa mellom Bulgaria og Hellas. Det ligg aust for Slavjanka vest for Beslenåsen, sør for Pirinfjella og nord for Káto Nevrokópi-dalen.

Det høgaste punktet på fjellet ligg på gresk side og heiter Kulata med ei høgd på 1 270 moh. Den høgaste toppen på bulgarsk side er Asenov med ei høgd på 1 218 m.

Stargatsj er eit horstfjell som består av marmor, gneis og glimmer. Enkelte stader finn ein óg granitt og kvarts.

Stargatsj er stort sett dekt av buskar og tre som ask, hassel, einer og syrin. I dei høgareliggande områda av fjellet er det bøk. Av dyreliv på fjellet kan ein finne villkatt, villsvin og hare.

Nærliggande landsbyar er Ilinden og Nova Lovcha.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]