Statare

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Statare på Ven i 1933, på veg heim frå mjølking
Statarlänga i Blomsholm
Frå kjøkkenet hjå ein statare

Statare var i Sverige og Finland ein gift landbruksarbeidar som fekk (ein stor del av) løna si gjennom naturalytingar (stat tyder in natura) frå landeigaren. Stataren var nøydd til å arbeide for landeigaren.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Ordninga var mest utbreidd på dei store landeigedomen i det sørlege Sverige, og arbeidarane vart ofte tilsett på eitt-årige kontraktar, i motsetnad til torpare som hadde lengre avtaler, frå mellom 10 til 50 år.

Kontraktane gjekk ut i siste veka av oktober, under den såkalte slankveckan. Det var då mogleg for statare å flytte og prøve å få arbeid på andre gods. Somme fekk høve til å flytte. Uttrykket slankveckan stammar frå at denne veka var dei utan arbeid og måtte klare seg heilt sjølve.

Dei hadde ofte svært dårlege vilkår, særlege bustadene der dei vart konsentrert saman i såkalte Statarlänga kunne vere uisolerte og trekkfulle. Dette var særleg utbreidd i Skåne. Men dei kunne òg få bustad i hus for ein- eller to-familiar som kunne vere av betre standard.

Sjølv om statarane formelt sett berre var knytte til eittårskontraktar. Desse kontraktane var uråd å seie opp i perioden. Statare vart i praksis liveigne for landeigaren der dei var bundne til. Andre ordningar hjå landeigaren forsterka denne bindinga til fordel for landeigaren som gjelda dei eksempelvis kunne opparbeida på butikken til landeigaren. Så lenge gjelda ikkje kunne løysast ut, kunne dei heller ikkje ta arbeid andre stadar, og måtte forlenge avtalen. Ektefellane var ikkje formelt plikta til å arbeide, men i praksis ikkje. Eit typisk arbeid desse kvinnene fekk var å mjølke kyrne. Dette arbeidet auka inntektene for landeigarfamilien, men det kunne auke inntektene litt for statarefamilien òg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Stataresystemet utvikla seg frå midten av 1700-talet, men vart endeleg avskaffa på slutten av 1945 då ein gjekk over til kontantløn.[1]

Livet til statarane er skildra i svensk litteratur, m.a. av Ivar Lo-Johansson og Moa Martinson.[1] Når ein les denne litteraturen, så levde desse menneska under slaveliknande vilkår - sjå liveigenskap.[treng kjelde]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «statare». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 8. mai 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]