Liveigenskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Døme på liveigne eller slavar

Liveigenskap er ei nemning på eit slaveriliknande system for jordbrukarar i store delar av Europa i mellomalderen. Dei liveigne jordbrukarane var underlagt ein godseigar, og dette tilhøvet vart overførd gjennom arv. Eit kjenneteikn på ein liveigen var at jordbrukaren ikkje kunne flytta utan løyve frå godseigaren. På den andre sida kunne godsherren ofte heller ikkje tvinga jordbrukaren til å flytta. Ein liveigen skilde seg frå ein slave i og med at ingen eigde den liveigne direkte. Trass i dette var ein liveigen personleg knytt til eit landområde, eit gods eller ein storgard. Den liveigne måtte arbeida for godseigaren og betala ei årleg avgift, mot å få dyrka eit jordstykke.

Liveigenskapen vart avskaffa fram mot slutten av 1700-talet i store delar av Europa. I Frankrike vart liveigenskapen avskaffa i samband med den franske revolusjonen. I Russland vart ordninga avskaffa i 1861. I Sverige (med Finland), Noreg og Sveits vart ikkje liveigenskap innførd.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]