Statens fiskarbank

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Statens fiskarbank var ein del av statsforvaltninga som forvalta ulike tilskotts- og låneordningar i tilknyting til fiskeflåten i Noreg.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Den norske stats fiskeribank vart oppretta gjennom lov av 1919, og kom i drift i 1921.

Loven av 1919 sa at banken skulle gje lån til:

  • Innkjøp, ombygging eller hovudreparasjon av fiskefarkostar,
  • skipshypotekforeningar for fiskefarty,
  • oppføring/ombygging av ishus, fryseri, tørkeri eller liknande til oppbevaring/foredling av fiskeprodukt, og til
  • samanslutningar av fiskarar til innkjøp av fiskereiskap og utrusting mv.

I 1948 vart banken omorganisert som følgje av ein ny lov som skulle samle eksisterande offentlege finansieringsordningar til fiskerinæringa. I tillegg til pantelån fekk banken høve til å yte driftskreditt, og banken fekk då nytt namn Statens Fiskarbank.

Etter 1950 vart banken ein viktig aktør i oppbygginga av ein moderne fiskeflåte, gjennom finansiering av mange nybygg. Dette kom i stor grad som ei følgje av at omorganiseringa i 1948 hadde gjeve aksept for høgare risiko i engasjementa til banken.

I 1972 vart det nok ein gang vedtatt ein ny lov om Statens fiskarbank, og også denne gongen var det ei samling av offentlege tilskott til fiskeria som fann stad. Ei av dei største endringane som fann stad var at investeringskreditt til fiskeflåten og industrien vart overført til banken frå Distriktenes Utbyggingsfond. Banken dreiv så fram til 1996 med heimel i denne loven.

Banken vart nedlagt i Stortingets sesjon 2006–2007. Tilskottsordningane vart overførte til Statens nærings- og distriktsutviklingsfond.

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Banken var eit forvaltningsorgan med hovudkontor i Bergen og avdelingskontor i Tromsø, Bodø og Ålesund.

Banken hadde eit hovudstyre med syv medlemmar. Formann og nestformann vart oppnemnt av Stortinget, mens resten av styret vart utnemnt av Kongen i statsråd.

Alle søknader til banken vart sende gjennom dei kommunale fiskerinemndene, som såg til panteobjekta, og gav råd i enkeltsaker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]