Statoil Fuel & Retail Norge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Statoil Fuel & Retail Norge AS er eit heleigd dotterselskap av Statoil Fuel & Retail ASA som opererer verksemda i Noreg. Morselskapet blei oppretta i 2010 ved at nedstraumsverksemda i Statoil ASA blei splitta ut som eit børsnotert selskap.[1][2] Verksemda i Noreg inkluderer distribusjon og sal av drivstoff gjennom eit nettverk av bensinstasjonar som nyttar Statoil varemerke. Statoil Fuel & Retail Norge sel òg andre typar energiprodukt og leverer drivstoff til industri, landbruk, luftfart og dessutan til skipsfart i Noreg gjennom eit nett av kystanlegg.

Statoil Norge AS var eit heleigd dotterselskap av Statoil frå 1987 til 2010, opphavleg operert under namnet Norsk Olje med marknadsføring under varemerket Norol. Selskapet tok namnet Statoil Norge frå 1991. I perioden 1999 til 2010 hadde eit anna selskap, Statoil Detaljhandel, ansvar for bensinstasjondrifta i Noreg. Derfor opererte Statoil Norge utan bensinstasjondrifta i denne perioden.

Statoil Detaljhandel var eit anna dotterselskap av Statoil ASA med ansvar for bensinstasjondrifta i heile Skandinavia. I perioden fram til 2004 var eigarskapen delt 50-50 mellom Statoil og ICA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Farberg, Andreas L. (28. september 2010). «Mr. McStatoil vil vokse seg stor i Polen». E24 (på Norwegian). Henta 19. oktober 2012. 
  2. Torp, Cathrine (3. februar 2010). «Statoil opens for a new ownership structure for its energy and retail business». Stavanger: Statoil ASA. Henta 19. oktober 2012.