Statsdumaen
Statsdumaen Государственная дума Gosudarstvennaja duma | |
![]() | |
Type | |
---|---|
Type | |
Leiarskap | |
Struktur | |
Representantar | 450 |
![]() | |
██ Sameint Russland (238) ██ Kommunistpartiet (92)
██ Rettferdig Russland (64) ██ Liberaldemokratane (56) | |
Val | |
Føre val | 18. september 2016 |
Neste val | September 2021 |
![]() | |
Nettstad | |
http://www.duma.gov.ru/ |
Statsdumaen, vanleg forkorting Gosduma (Госдума) er den lovgjevande forsamlinga i Russland, og «underhus» eller «andrekammer» i det russiske parlamentet. Den russiske grunnlova frå 1993 slo fast at statsdumaen skulle bestå av 450 representantar som vart valde for ein periode på fire år. I 2008 vart dette endra til fem år. Halvparten skulle veljast gjennom tilhøvetalval, dei andre ved enkelt fleirtal i enkeltmannskretsar. Frå 2007-valet er enkeltmannskretsane sløyfa, og alle representantane vert valt gjennom tilhøvetalval frå parti med minst 7 prosent oppslutning.
Russiske statsborgarar over 21 år er valgbare til statsdumaen. Det vart gjennomført dumaval i 1993, 1995, 1999, 2003, 2007, 2011 og 2016.
Statsdumabygningen ligg i sentrum av Moskva, like ved Manezjnaja-plassen. Den noverande forma av dumaen vart skapt i 1993 etter innføringa av ei ny grunnlov under Boris Jeltsin som vart stadfesta ved ei folkerøysting.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Statsdumaen» frå Wikipedia på bokmål, den 24. september 2018.