Sameint Russland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sameint Russland

LandRussland
Partileiar(ar)Dmitrij Medvedev
GrunnleggjararBoris Berezovskij
Grunnlagt1. desember 2001
HovudkvarterMoskva
Medlemstal2 073 772 (2013)
Ideologi«ruscisme» Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjoncatch-all-parti
Fargeraudt

Sameint Russland (russisk Единая Россия, Jedinaja Rossija) er eit politisk parti i Russland, danna i april 2001. Det kallar seg sjølv eit sentrumsparti. Sameint Russland er eit støtteparti for president Vladimir Putin. Putin pleier å opptre på partiet sine årsmøte og tala til forsamlinga, men han er sjølv ikkje medlem i partiet. Leiaren, sidan 2002, er Boris Gryzlov. Ved parlamentsvalet i 2007 vart Sameint Russland det klart største partiet, med 64,3 % av røystene.

Sameint Russland er det siste i ei rekkje av parti i Russland sidan oppløysinga av Sovjetunionen som har vorte danna for å støtta presidenten sin politikk utan at presidenten sjølv er medlem av noko politisk parti. Dette hende òg under Boris Jeltsin si regjeringstid. Partiet vart danna ved ei samanslåing av partia Einskap og Fedreland - Heile Russland i april 2001. I starten vart partiet leia av ein trio beståande av Sergej Sjojgu (frå Einskap), Jurij Luzjkov og Mintimer Sjajmijev (frå Fedreland - Heile Russland). I november 2002 vart Boris Gryzlov ny leiar. Partiet vann parlamentsvalet i 2003 og fekk 222 av dei 450 plassane i Statsdumaen. Etter valet slutta så mange uavhengige representantar seg til Sameint Russland at partiet fekk konstitusjonelt fleirtal (2/3) i dumaen. Ved presidentvalet i 2004 støtta partiet kandidaturet til den sitjande presidenten Vladimir Putin. Ved parlamentsvalet i 2007 fekk partiet 64,3 % av røystene og 315 av dei 450 plassane i dumaen. Dette valet vart ikkje godkjent som fritt og rettferdig av internasjonale observatørar. Sameint Russland fekk, ifylgje dei offisielle resultata, over 90 % av røystene i fleire republikkar, med 99,4 % av røystene iTsjetsjenia og 98,7 % i Ingusjetia, noko som vart tolka som klare teikn på valfusk.

Etter partiet sine eigne oppgåver var 65 av dei 89 leiarane av russiske føderasjonssubjekt medlemer av Sameint Russland mot slutten av 2005. Våren 2007 var dette talet 70 av 85.[1]

Partiet sitt symbol er ein bjørn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]