Stavanger Konserthus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Stavanger konserthus)
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°58′36.930″N 5°43′10.895″E

Stavanger konserthus, fotografert i 2013
Foto: Jarle Vines

Stavanger Konserthus ligg attmed sjøen i Sandvigå, 700 meter nordvest for torget i Stavanger, og vart offisielt opna 15. september 2012 av kronprins Haakon Magnus. Konserthuset har ein stor konsertsal for symfoniorkester og ein fleirbrukssal, restaurant og andre lokale, og ein publikumsfoaje over fleire høgder med store fasadar av glas mot sjøsida, og i tillegg eit stort amfi i friluft. Orkestersalen, som har fått namnet Fartein Valen etter komponisten Fartein Valen, har rektangulær grunnplan og 1500 sitjeplassar fordelt på parkett, tre balkongar og korbalkong. Fleirbrukssalen har namnet Zetlitz etter Jens Zetlitz (1761-1821), diktar og prest frå Stavanger, og er ein sal som kan endrast og tilpassast frå å vere forma som eit amfi til å vere ein sal med flatt golv, og frå å romme 800 sittande til 1900 ståande tilhøyrarar. Båe salane er rekna for å ha særs god akustikk, og lydisoleringa er så god at det seisast å vere mogleg å ha rockekonsert i den eine salen samstundes med ein symfonikonsert i den andre.

Konsertorgelet[endre | endre wikiteksten]

I fronten av orkestersalen Fartein Valen er det bygd inn eit konsertorgel med 65 stemmar, som svarar til storeleiken på andre konserthusorglar i Europa, men er eineståande i Noreg. Dette orgelet er det einaste i landet som dekkjer det symfoniske orgelrepertoaret med orkester. Orgelet er særskild tilpassa akustikken i salen. Kvar einskild av dei til saman 65000 delane i det er laga for hand. Orgelet sameiner fransk orgeltradisjon med nordiske impulsar, og er som eit kunstverk å sjå til. Det har 4554 piper, og er bygd av Ryde & Berg Orgelbyggeri i Fredrikstad. Fasaden på det er teikna av arkitekt Ulf Oldæus.

Konsert- og kulturhuskomplekset[endre | endre wikiteksten]

Stavanger Konserthus er saman med det gamle Stavanger konserthus, som ligg i Bjergstedparken rett i nærleiken, det største konserthuskomplekset i Noreg. Det gamle konserthuset er kjenneteikna av å ha ein stor kuppel over konsertsalen, og som no har namnet Stavanger konserthus Kuppelhallen, stod ferdig i 1982 med plass til om lag 1100 tilhøyrarar. I tillegg til konsertar, vert det skipa til festframsyningar, revyar, musikkspel, klassisk ballett og moderne dans. Konserthuset og husa i Bjergstedparken vert nytta av Stavanger Symfoniorkester, Universitetet i Stavanger, avdelinga for kunstfag og Stavanger Kulturskole.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]