Steampunk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Forfattaren G.D. Falksen i steampunkkostyme.
Foto: Tyrus Flynn

Steampunk («damppunk», ordet er utvikla frå cyberpunk) er ein type science fiction som baserer seg på dampmaskiner, luftballongar, mekaniske reknemaskinar og annan teknikk frå 1800-talet. Sjangeren kan òg omfatta moderne gjenstandar som m.a. datamaskinar, basert på teknologi frå viktoriatida, som The Difference Engine av William Gibson og Bruce Sterling. Mikroelektronikk i moderne tyding finst ikkje, og forbrenningsmotorar er sjeldne. Steampunk speler seg typisk ut i eit viktoriansk miljø, men sjangeren har forgreina seg og inkluderer no alle tenkelege tidsaldrar og historiske miljø, til dømes mellomalderen, bronsealderen og antikken.

Historisk utvikling[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon frå En verdensomseiling under havet frå 1870.

Steampunk blei skapt som ein samtidslitterær sjanger av forfattarar som Jules Verne, H.G. Wells og Mark Twain.

Sjangeren blei vidareutvikla på 1980-talet som ein alternativhistorisk sjanger av forfattarar som Tim Powers, K.W. Jeter, William Gibson og Ronald Clark. Termen blei skapt av Jeter då han leita etter eit samleomgrep for den typen romanar som han og kollegaene hans skreiv. Desse forfattarane skreiv i same ånd som Verne og Wells, og laga ei fiktiv fortid. Både Morlock Night av Jeter og The Time Ships av Stephen Baxter er t.d. oppfølgjarar til H. G. Well sin klassikar Tidsmaskinen.

Døme på steampunk i film er Den blå sandens hemmelighet, Wild Wild West og The League of Extraordinary Gentlemen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]