Stefjorden

Koordinatar: 68°12′26″N 16°27′13″E / 68.20722°N 16.45361°E / 68.20722; 16.45361
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

68°12′26″N 16°27′13″E / 68.20722°N 16.45361°E / 68.20722; 16.45361

Inste del av fjorden med Stetind
Stetind og omliggjande fjell inst i Stefjorden.

Stefjorden er ein fjordarm av Haukøyfjorden og Tysfjorden i Narvik kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg om lag 10 km søraustover til Stefjordbotn.

Fjorden har innløp mellom Haukøya i sør og garden Solheim i nord. Like innanfor innløpet går Sildpollen nordover. Riksveg 827 går langs vestsida av fjorden inn til botn, men det er få busetnader ved fjorden. Bortsett frå Haukøya heilt ytst og Stefjordbotn heilt inst finn ein grenda Stefjordneset, men denne ligg på austsida av fjorden og har ikkje vegsamband.