Stenografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skrift i sju forskjellige engelske stenografisystem

Stenografi (frå gresk stenos (smal, tett) og graphos (skrift)) er kunsten å skrive fort. Målet er å kunne skrive like raskt som ein snakkar. Dette blir gjort ofte ved bruk av spesielle skriftsystem der kvar einskild bokstav krev minimalt med pennestrøk og løfting av pennen, fonetisk skrift, forkortingar og eigne teikn som erstattar vanlege bokstavkombinasjonar eller ord.

Fleire kjende forfattarar, slik som Charles Dickens og Astrid Lindgren, har nytta stenografi i forfattarskapen sin.

Det finst mange stenografisystem for mange ulike språk. I Stortingets referentseksjon bruker ein i dag Wang-Krogdahls system, men sidan 2009 har ein ikkje gitt opplæring i stenografi til nye stortingsreferentar. Tidlegare brukte ein Gabelsbergers system.[1][2]

Wang-Krogdahls stenografisystem blei publisert i 1936, medan siste gongen ei norsk lærebok i Gabelsbergers system blei trykt opp, var i 1968.[3] Ifølgje ei lærebok frå 1977 var Wang-Krogdahls system då «det mest utbredte i skole og yrke» og blei nytta «ved de fleste skoler som ha[dde] stenografi på fagplanen».[4]

Medan ein altså bruker Wang-Krogdahls system for norsk visuell skrift, bruker ein for norsk punktskrift eit system som er beskrive i Jan Bruteigs Stenografi på punkt (Norges Blindeforbund, 1986).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Stortingsreferatet gjennom 160 år», Stortinget, 7. november 2019, henta 6. juni 2022 
  2. «Jeg utfordra Stortingets referenter til battle. Se hvordan det gikk!», En slask på tinget, 14. november 2014, arkivert frå originalen 3. oktober 2022, henta 6. juni 2022 
  3. Bjerck og Cappelen (1946). «Lærebok i stenografi etter Gabelsbergers system. Omarbeidet 15. utgave ved Dagny Orvin Loftfield».  Opptrykk frå 1968.
  4. Graf, Aase (1977). «Stenografi – Wang-Krogdahls system». 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]