Stephen Gately

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stephen Gately
Stephen Gately.jpg
Fødd 17. mars 1976
Dublin
Død

10. oktober 2009
Andratx

Yrke skodespelar, skribent, songar, dansar, låtskrivar, barnebokforfattar, teaterskodespelar, singer-songwriter, musikar, filmskodespelar
Stephen Gately på Commons

Stephen Patrick David Gately (fødd 17. mars 1976 i Dublin, død 10. oktober 2009 på Mallorca) var ein irsk skodespelar og songar. Han var saman med Ronan Keating hovudsongar i gutegruppa Boyzone.

Gately deltok på fem studioalbum med Boyzone. Han gav ut sitt einaste soloalbum New Beginning i 2000, etter at gruppa vart oppløyst. Albumet kom på topp 10 på den britiske albumlista, og gav ut tre hit-singlar. I 2008 vart Boyzone gjenforeint, og Gately var med på fleire innspelingar og konsertar.

I 1999 stod han fram som homofil. Han gifta seg med Andrew Cowles i Las Vegas i USA i 2003 og seinare formelt i ein seremoni i London i Storbritannia i 2006.

10. oktober 2009 vart han funnen død i bustaden til paret på øya Mallorca i Spania. Han døydde av væske i lungene og vart bisatt 17. oktober 2009 i Dublin i Irland.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]