Steve Finnan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Steve Finnan

Finnan.jpg

Statsborgarskap Irland
Fødd 24. april 1976 (46 år)
Limerick
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 2002

Stephen John Finnan, kjend som Steve Finnan, (fødd 24. april 1976) er ein irsk tidlegare fotballspelar frå Limerick. Han var sideback i Liverpool FC-mannskapa som vann meisterligaen 2005 og FA-cupen 2006.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Finnan fekk i 1995 kontrakt med Birmingham City. Allereie i mars 1996 gjekk turen vidare til Notts County.I november 1998 vart han mot 300 000 pund overført til Fulham FC, ein klubb han bidrog til at i 2001 rykte opp i den engelske toppserien. Etter to gode sesongar i toppserien, flytta han sommaren 2003 til Liverpool FC mot ein overgangssum på fem millionar euro.

I sin fyrste Liverpool-sesong var Finnan plaga av skadar. Vårsesongen 2005 måtte han og Liverpool tole tap i ligacupfinalen mot Chelsea FC. Tre månader seinare var AC Milan motstandar i meisterliga-finalen. På stillinga 0–3 gjekk ein skadd Finnan av bana, men lagkameratane makta utlikne til 3–3 og vinne straffetevlinga. I mai 2006 vann Liverpool og Finnan finalen i FA-cupen på liknande vis. Etter at Liverpool utlikna til 3–3 mot West Ham United i plusstida av ordinær tid, sigra Liverpool i straffetevlinga. Derimot tapte Finnan og Liverpool meisterliga-finalen 2007 mot AC Milan.

2008/9-sesongen var Finnan benkeslitar i spanske Espanyol. Sesongen etter gjorde han teneste i Portsmouth FC. Han spelte sin aller siste kamp då laget tapte FA-cupfinalen 2010 mot Chelsea.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Finnan debuterte mot Hellas 26. april 2000. Han deltok i alle Irlands fire kampar under Fotball-VM 2002. Finnan spelte sin 53. og siste landskamp i Podgorica 10. september 2008. Han noterte seg for i alt 2 landslagsmål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av meisterligaen: 2005 for Liverpool FC
  • Vinnar av FA-cupen: 2006 for Liverpool FC

Kjelder[endre | endre wikiteksten]