Stiftsgården i Christiania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stiftgarden ca. 1860.
Stiftgarden fotografert før 1913.
Foto: Ingimundur Eyolfson / Nasjonalbiblioteket
Porten til stiftgarden på Norsk Folkemuseum i passasjen frå Torget til friluftsmuseet. Tympanonfeltet av tre skal illudera stein og burde ha steinfarge.

Stiftgarden var ein herskapeleg bygard i Rådhusgata 13 i Christiania. I dag står bygningen på Norsk Folkemuseum.

Innkjørselsport til Stiftgården, innsiden. No på Norsk Folkemuseum. Teikning av arkitekt Peter Blix 1896, Oslo Museum.

Historia til bygningen[endre | endre wikiteksten]

Bygningen vart oppført i 1757 som bustad for trelasthandlaren Morten Leuch. Etter at han døydde vart han teken over av enka Mathia Collett, som gifta seg for andre gong i 1773 med den ni år yngre Bernt Anker.[1] I 1781 vart bygningen selt til staten som lokale for overhoffretten, frå 1797 stiftoverretten. Namnet «stiftgarden» fekk han på grunn av at stiftoverretten heldt til her. 1814-1896 var bygningen kontor, dels òg bustad for den svensk-norske kongen sin statthaldar, frå 1873 bustad og kontor for den norske statsministeren. Statsrådmøta for saker som kunne vedtakast endeleg utan nærværet til kongen, vart halde i Stiftsgården. Både Statssekretariatet i Christiania. (Felleskontoret til regjeringa oppretta 2. mars 1814) og embetet som Sekretær for Formannen til den norske regjering (oppretta 2. juli 1829) hadde kontor i bygningen).

Etter at ein ny statsministerbustad i Parkveien 45 vart kjøpt inn i 1896, selde staten Stiftgarden til private. Chr. Matthiessen (etterkvart kjend som Banan-Matthiessen og seinare BAMA) byrja med import av bananar i 1905 og hadde bananmodneri i Stiftgarden. Garden vart riven i 1913 og Sjøfartsbygningen vart oppført på tomta.

Ifølgje Alf Collett var bygningen «et landskjendt midtpunkt for hovedstadens høiere selskabsliv». Innvendig hadde han store selskapssalar pryda med landskapsbilete på veggane. Ved rivinga i 1913 vart interiøret frå Morten Leuchs visittstove demontert og sett opp att i Bysamlingen på Norsk Folkemuseum. Museet tok òg vare på hovudporten mot Rådhusgata og sette han inn i Bybygningens fasade mot Torget i portopninga til Folkemuseets friluftsmuseum.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Holck, Per (2005): Bernt Anker – Samtid, liv og forfatterskap, Oslo. s. 61

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Collett, Alf: Familien Collett og Christianialiv i gamle daga. Kristiania: Cappelen, 1915.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]