Hopp til innhald

Stig Holmås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stig Holmås

Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. februar 1946 (78 år)
Bergen
Yrke skribent, barnebokforfattar, lyrikar, bibliotekar
Språk norsk
Ektefelle Tove Jensen Holmås
Stig Holmås på Commons

Stig Holmås (fødd 25. februar 1946 i Bergen) er ein norsk bibliotekar og forfattar.

Holmås tok til som lyrikar og debuterte i antologien Åtte fra Bergen (1969). Den fyrste diktsamlinga han sjølv gav ut, var Vi er mange (1970). Her og i dei to neste diktsamlingane Tenke på i morgen (1972) og Nok å ta seg til (1972) skreiv han både kjærleiksdikt og politiske dikt. Den fyrste prosaboka hans var Mannen fra Nicaragua (1979), ei novellesamling.

I seinare år har han også skrive romanar, både for born og ungdom og for vaksne. Temaa han har behandla i bøkene sine, er indianarsamfunnet og Bergen i etterkrigstida, med meir.

I 1982 mottok han Kulturdepartementets spesialpris for barne- og ungdomslitteratur for Vinterhauk og ildvannet, den første i ein serie lettleste ungdomsbøker om Apasje-indianarane si historie og kultur. I 1985 mottok han litteraturprisen for Tordensønnen. [1] I 1990 vann han Skolebibliotekarforeningens litteraturpris for Apacheindianerne.

Stig Holmås er far til SV-politikaren Heikki Holmås.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]