Heikki Holmås
Hopp til navigering
Hopp til søk
Heikki Holmås | |
Heikki Holmås i 2008
Foto: SV | |
Fødd | 28. juni 1972 |
---|---|
Parti | Sosialistisk Venstreparti |
1. verv | Leiar i Sosialistisk Ungdom |
- periode | 1996–1999 |
- føregangar | Andreas Tjernshaugen |
- etterfylgjar | Kari-Anne Moe |
2. verv | Utviklingsminister i regjeringa Stoltenberg II |
- periode | 23.3.2012–16.10.2013 |
- føregangar | Erik Solheim |
- etterfylgjar | Nikolai Astrup |
3. verv | Stortingsrepresentant |
- periode | 2001–2017 |
- valkrins | Oslo |
Heikki Eidsvoll Holmås (fødd 28. juni 1972) på Voss i Hordaland er ein norsk politikar frå Sosialistisk Venstreparti, son av forfattaren Stig Holmås og ingeniør/tekstilarbeidar Ingebjørg Monsen. Han var stortingsrepresentant frå Oslo i periodane 2001-2005, 2005-2009, 2009-2013 og 2013-2017. Før det var han vararepresentant i perioden 1997–2001.[1]
23. mars 2012 vart Holmås utviklingsminister i Regjeringa Stoltenberg II, ein posisjon han sat i til regjeringa gjekk av den 16. oktober 2013.
Holmås er tidlegare sentralstyremedlem i Norges Gymnasiastsamband, og tidlegare leiar i Sosialistisk Ungdom.
Stortingskomitéar[endre | endre wikiteksten]
- 2001–2005 medlem i Kommunalkomitéen
- 2005–2009 medlem i Finanskomitéen
- 2009–2013 leiar i Kommunal- og forvaltingskomitéen
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Biografi: Holmås, Heikki Eidsvoll», Stortinget (på norsk bokmål), henta 14. mai 2019
.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1972
- Norske utviklingsministrar
- Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg II
- SV-statsrådar
- Stortingsrepresentantar for Oslo
- Stortingsrepresentantar frå SV
- Stortingsrepresentantar 2001-2005
- Stortingsrepresentantar 2005-2009
- Stortingsrepresentantar 2009-2013
- Stortingsrepresentantar 2013-2017
- Lokalpolitikarar i Bergen
- SV-politikarar i Hordaland
- SV-politikarar i Oslo
- Folk frå Voss
- Leiarar i Sosialistisk Ungdom