Stikling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For fiskeslekta, sjå stiklingar.
Stikling av ein bjørkefiken som har utvikla eit rotsystem i vatn.

Stikling (frå tysk Steckling, av stecken, 'putte, stikke')[1] er ein plantedel som kan danna ein ny plante etter å ha blitt lausriven frå morplanten.[2] Ulike plantedelar kan danna stiklingar, til dømes kvistar, blad eller røter. Den nye planten kan etablera seg i jord eller i vatn.

I hagebruk er stiklingr ein vanleg metode til å utføra vegetativ formeiring av plantar.[2] Formeiringsmåten er ei form for kloning, slik at ein får ein ny plante med same arvestoff som morplanten. For nokre plantetypar kan dette vera den einaste måten å formeira dei på, fordi kjønna formeiring vil gje noko ulike eigenskapar til avkommet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «stikling» i Nynorskordboka.
  2. 2,0 2,1 «Stikling», Store norske leksikon, 2. juni 2015 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stikling