Stol i Slovenia
Utsjånad
Stol | |||
fjell | |||
Land | ![]() ![]() | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Karavankane | ||
Høgd | 2 236 moh. | ||
Koordinatar | 46°23′3″N 14°10′24″E / 46.38417°N 14.17333°E | ||
![]() Stol i Slovenia 46°26′02″N 14°10′26″E / 46.433888888889°N 14.173888888889°E | |||
Wikimedia Commons: Stol (Karawanks) |
Stol eller Veliki Stol (slovensk for 'stol' eller 'store stol') eller Hochstuhl (tysk for 'høge stol'), er det høgaste fjellet i Karavankane med ei høgd på 2236 meter over havet. Det ligg på grensa mellom Slovenia og Austerrike.
Det er fleire ruter til toppen av fjellet frå både den austerrikske og den slovenske sida, og fjellhytta Prešernova Koča ligg like nedanfor den andre toppen Mali Stol (slovensk for 'vesle stol') på 2198 moh. Hytta vart opphavleg bygd i 1909, men brende ned i 1942 under den andre verdskrigen, då partisanar sette fyr på ho for å hindre nazistane i å nytte ho. Ho vart bygd opp att i 1966 go er open frå midten av juni til midten av september.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Stol (mountain)» frå Wikipedia på engelsk, den 22. april 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: