Stomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Døme på ein stomipose til å samle opp avføringa i. Innsida, synt til høgre, har eit hol som vert tilpassa tjukkleiken på stomien, og plata ikring har lim som festar posen til huda. Posen er meint for eingongsbruk, og skal skiftast ut så ofte det er ynskeleg. På fotografiet er synt ein type pose som har ei lukkbar opning for tømming, men det er òg å få posar utan slik tømmeopning.

Stomi (frå gresk στόμα, stomia, 'opning/munn') er eit kirurgisk inngrep der ein lager ein opning mellom to organdelar eller mellom eit organ og kroppsoverflaten.[1]

Inngrepet er vanleg å lage i mageregionen for å syte for at anten avføringa og/eller urinen får nytt utløp i ei opning på framsida av magen (buken) i staden for gjennom den naturlege kroppsopninga etter at delar av tarmen er fjerna på grunn av sjukdom. Enden av den attverande tarmen vert drege ut eit par centimeter utanfor kroppen, vrengd og sydd fast til huda på utsida, slik at det vert laga eit utløp i form av ein liten tut med raud farge, stomien. Stomien skal gå inn i ein særleg utforma plastpose for å samle opp avføringa eller urinen. Denne posen er limt fast til huda ikring stomien, og skal kastast når han er full. Limet kan lett løysast frå huda ved hjelp av vatn eller ein spesiell spray, og gjev høve til å skifte posen så ofte det trengs.

Årsaka til at det vert naudsynt med stomi er slike sjukdomar i tarmen som gjer det naudsynt å fjerne delar av tarmen, til dømes når det har oppstått kreft i tjukktarmen og endetarmen, ved alvorleg ulcerøs colitt, Crohns sjukdom og diverse andre sjukdomar, ved påførte eller medfødde skadar og misdanningar. Stomien kan verte permanent, eller meint som ei mellombels åtgjerd fram til tarmen kan skøytast saman att.

Ein talar om ulike typar stomi:

  • Kolostomi (colostomi) – stomi av tjukktarmen (colon).
  • Ileostomi (loopileostomi) – stomi av tynntarmen.
  • Urostomi – fjerning av urinblæra, som vert erstatta av eit parti som er teke av tynntarmen og ført ut av kroppen som ein stomi.
  • Transversostomi – stomi av midpartiet av tjukktarmen.

Etter ein stomi-operasjon kan ein ete og drikke som vanleg. Det er viktig å tygge maten godt og drikke mykje vatn eller liknande. Men ettersom det ikkje er nokon lukkemuskel i stomien, har ein ingen kontroll over når tarmen tømmer seg i posen for avføring eller tarmgass. Difor kan tarmgass verte eit problem, og gjere at ein bør halde seg vekk frå mat og drykk som gjev mykje tarmgass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kåss, Erik (13. februar 2009), «Stomi», Store medisinske leksikon, https://sml.snl.no/stomi 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]