Stora alvaret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Landskap i Stora alvaret

Stora alvaret er eit 260 km² vidt område med alvarmark i Mörbylånga kommun på sørdelen av øya Öland i Sverige. Området har nasjonalt vern og er sidan 2000 med på UNESCO si verdsarvsliste, saman med kulturlandskapet på Södra Öland, som breier seg vest for alvaret. Alvaret dekker 1/4 av arealet på Öland og ligg på kalkstein frå ordovicium. Botanisk er Stora alvaret i slekt med alvarområda i Baltikum, Russland og Sentral-Asia. Stora alvaret er truleg det største alvarområdet på jorda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]