Store Knutsholstinden
| Store Knutsholstinden | |||
| fjell | |||
Sett frå nord, frå Raudhamran på Surtningssue | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Område | Vågå (Innlandet) | ||
| Fjellområde | Jotunheimen | ||
| Høgd | 2 341 moh. | ||
| Primærfaktor | 969 m | ||
| Førstestiging | 13. juli 1875 (Johannes Thomassen Heftye, Knut Lykken, Gullik Gulliksen Lid) | ||
| Koordinatar | 61°25′28″N 8°33′44″E / 61.42444°N 8.56222°E | ||
![]() Store Knutsholstinden 61°25′27″N 8°33′44″E / 61.42425°N 8.5621388888889°E | |||
| Wikimedia Commons: Knutsholstinden | |||
Store Knutsholstinden er eit fjell i Vågå kommune i Innlandet. Med ei høgd på 2341 meter over havet er fjellet det 14. høgaste i Noreg. Fjellet ligg på ein høg rygg mellom Knutsholet mot aust og Svartdalen mot vest. Mot Knutsholet er tinden alpin, med store hengebrear.
På midten av 1800-talet vart Knutsholstinden sett på som ubestigeleg, og dessutan trudde enkelte at han den var Noregs høgaste fjell. Johannes Heftye si førsteklatring i 1875 vart sett på som ei stor bragd, og vart i samtida samanlikna med Slingsby si klatring av Storen. Mellom Slingsby og Heftye oppstod det eit kjensleladd, offentleg ordskifte, med nasjonalistiske undertonar. Som ei følgje av dette, og for å vise at Storen var eit enkelt fjell å klatre, fann Heftye ruta på Storen som seinare har vorte normalvegen, Heftye-ruta.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ben Johnsen: Jotunheimens stortoppar, NTK 1991, s. 157-161.
