Storhaletrupial

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Storhaletrupial

Status i verda: LC Livskraftig

Hannfugl i Ambergris Caye, Belize Foto: Flickr-brukar dfaulder
Hannfugl i Ambergris Caye, Belize
Foto: Flickr-brukar dfaulder
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Icteridae
Slekt: Quiscalus
Art: Q. mexicanus
Namn på andre språk
  • Engelsk: Great-tailed Grackle
  • Vitskapleg namn
    Quiscalus mexicanus

    Storhaletrupial (Quiscalus mexicanus) er ein fugl i trupialfamilien. Han har utbreiing frå nordlegaste Sør-Amerika, gjennom Sentral-Amerika og nord til sørlege og sentrale USA.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Storhaletrupialar er mellomstore fuglar, større enn starar og mindre enn kråker. Arten syner stor kjønnsdimorfisme. Hannar er i gjennomsnitt ca. 43 centimeter og veg 230 gram, tal for hoer er 33 cm 128 gram. Dette er gjennomsnittleg for kvart kjønn, det finst store variasjonar. Begge kjønn har lange halar, størst hos hannar som òg kan vri halen slik at han synast stor frå sida. Hannar er iriserande svarte med lilla-blå glans på fjørene av hovudet og overkroppen, medan hoene er brune med mørkare venger og hale.[1] Vaksne av begge kjønn har lys, gule auge, medan ungfuglar av begge kjønn har brune auge og brun fjørdrakt nett som vaksne hoer, men med striper på brystet.

    Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som livskraftig.[2]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. Fraga 2016
    2. BirdLife International (2016)

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Storhaletrupial