Mellom-Amerika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sentral-Amerika)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over Mellom-Amerika
Satellittfoto over Mellom-Amerika.
Kart over Sentral-Amerika frå 1860

Mellom-Amerika eller Sentral-Amerika byrjar ved den sørlege grensa av Mexico (i Nord-Amerika) og den nordlege grensa til Colombia (i Sør-Amerika). Geografisk strekkjer Mellom-Amerika seg frå Tehuantepeceidet i nord til Panamaeidet i sør, der ein også finn Panamakanalen. Normalt blir heile Panama rekna med i Mellom-Amerika. Ein reknar ofte dei meksikanske delstatane Campeche, Chiapas, Tabasco, Yucatán og Quintana Roo som ein geografisk del av Mellom-Amerika.[1]

Området omfattar desse suverene nasjonane:

Det totale innbyggjartalet for Mellom-Amerika er ca. 42 millionar. Om ein ikkje reknar med dei fem meksikanske delstatane til Mellom-Amerika, blir folketalet ca. 41,5 millionar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste landa i Mellom-Amerika har kyst mot både Stillehavet og Atlanterhavet (Det karibiske havet), bortsett frå El Salvador, som berre har stillehavskyst, og Belize, som berre har atlanterhavskyst. Breidda av land mellom Stillehavet og Det karibiske havet er frå rundt 560 km til rundt 50 km.

Det meste av Mellom-Amerika er fjellandskap. Vulkanske foldefjell går i aust–vestleg retning, og er høgast mot Stillehavet. Det finst over 80 vulkanar i området, rundt 40 av dei er aktive. Dei høgaste vulkanane er Tajumulco og Tacana (begge over 4000 moh.). Yucatánhalvøya og låglandet sør og aust for denne er bygd opp av kalkstein i horisontale lag.[1]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Langs atlanterhavskysten er klimaet varmt og fuktig. Her gjev nordaustpassaten mykje nedbør, over 3000 mm årlig. I høglandet er det mindre nedbør og lågare temperatur. Stillehavskysten ligg i regnskugge for nordaustpassaten, men har to regntider. Ein skil mellom ei tropisk låglandssone, tierra caliente eller 'den tempererte sona' mellom 700 og 1800 moh., tierra templada eller 'den kjølige sona' frå 1800 moh. og opp til dei høgaste toppane, tierra fria.[1]

Natur[endre | endre wikiteksten]

I den heite sona finst det tropisk regnskog på austkysten, og det veks mellom anna mahogni, gummitre og kakao her. I den tempererte sona dyrker ein kaffi og sukkerrøyr. I den kalde sona kan ein dyrka kveite, potet og frukt. Tregrensa ligg på ca. 4000 m, like nedanfor denne finst det furuskog og gress i den kjølige sona.[1]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Mellom-Amerika». Store norske leksikon (norsk). 24. mai 2017. Henta 17. juli 2019.