Stormen kulturkvartal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stormen Konserthus
Stormen bibliotek

Stormen kulturkvartal ligg i Bodø, og er fellesnamnet for dei to bygningane Stormen Konserthus og Stormen bibliotek ved hamna i sentrum av byen, på kvar si side av Hålogalandsgata. Grunnsteinen vart lagt i 2011 av kulturminister Anniken Huitfeldt, og kvartalet vart opna 16. november 2014. Arkitektar har vore Daniel Rosbottom og David Howarth etter ein konkurranse i 2009, og områda utanfor husa er utforma av DARK Arkitekter, som òg har vore rådgjevarar for DRDH Architects (Daniel Rosbottom & David Howarth) i Noreg.

Stormen Konserthus[endre | endre wikiteksten]

  • Storsalen er ein fleirbrukssal med plass til 942 tilskodarar i amfi og på balkongar, og kan nyttast til opera, konsertar og ulike framsyningar. Salen vart utforma av Arup Acoustic Consulting allereie før arkitektkonkurransen.
  • Lillesalen i kjellaren tek 255 tilskodarar, og vert nytta til arrangement som ikkje fyller hovudsalen.
  • Tilleggsscena Sinus er òg plassert i kjellaren, og tek 460 personar. Her er eit regionalt kompetansesenter for jazz, rock, pop og folkemusikk, og scene til bruk under festivalar.

Stormen bibliotek[endre | endre wikiteksten]

Bygningen tok over det tidlegare Bodø bibliotek, som låg i rådhuset. Biblioteket har eit område med aktuell informasjon om kommunens aktivitetar, og ein digital verkstad for produksjon av film og lyd, og dessutan ein litteratursal med scene, som kan bli omgjort til presentasjonslokale.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stormen kulturkvartal