Storsjön

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Storsjön
innsjø
PB190187.JPG
Region Jämtland
Nedslagsfelt 12 064 km² km²
Høgd over havet 292 moh moh
Areal 464 km² km²
Koordinatar 63°13′N 14°19′EKoordinatar: 63°13′N 14°19′E
Øyar Frösön
Byar Krokom, Brunflo, Orrviken
Wikimedia Commons: Storsjön
Plasseringa til Storsjön i Sverige

Storsjön (IPA: /ˈstuːˌʂœn/ ) er ein innsjø i Jämtlands län med eit areal på 464 km². Han er ein del av Indalsälva-systemet og er den femte største innsjøen og den fjerde største regulerte innsjøen i Sverige. Innsjøen ligg i kommunane Östersund, Berg, Krokom og Åre. På austsida ligg byen Östersund. Frösön er den største øya i Storsjön.

Färjerederiet Trafikverket (eigd av Trafikverket) driv to gratis ferjeruter på Storsjön, ei mellom Norderön og Håkansta og ei mellom Isön og Norderön.[1] Om vinteren vert det brøyta veg på isen som erstatning for ferjene.[1]

Storsjön er drikkevasskjelde til Östersund.[2] I november 2010 vart tusenvis av menneske i Östersund råka av magesjuke med diaré.[3] Det viste seg å skuldast Cryptosporidium som hadde kome med drikkevatnet frå Storsjön.[2][3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Östersund Turist & Kongress.
  2. 2,0 2,1 «”Storsjöns rena vatten ein myt”». Länstidningen. 1. desember 2010. Henta 15. juni 2012. 
  3. 3,0 3,1 «Fleire tusen slått ut av diaré». NRK. 1. desember 2010. Henta 15. juni 2012.