Mälaren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mälaren
innsjø
none  at dusk
at dusk
Middeldjupne 13 m m
 - Største djupne 64 m m
Volum 14 km³ km³
Areal 1 140 km² km²
Øyar Selaön, Svartsjölandet (see list)
Wikimedia Commons: Mälaren

Mälaren er ein innsjø som ligg i Svealand i Sverige. Mälaren, som er den tredje største innsjøen i Sverige, strekkjer seg over eit 1 140 kvadratkilometer stort areal. Frå aust til vest måler Mälaren 120 kilometer. Ein reknar med at han inneheld 14,3 milliardar kubikkmeter vatn. Namnet Mälaren kjem sannsynleg av det norrøne ordet mælir, som tyder grus.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Mälaren som renn ut i Austersjøen ligg i landskapa Västmanland, Uppland og Södermanland. Området kring innsjøen kallast med eit fellesnamn for Mälardalen. Langs Mälaren sine strender ligg ein rekkje byar: Köping, Västerås, Mariefred, Strängnäs, Södertälje og hovudstaden Stockholm. Mälaren er rik på viker, sund og øyar. Dei største øyane er Selaön og Svartsjölandet. Det finst over 7 800 holmar i Mälaren som er mindre enn 10 mål. På øya Björkö låg i vikingtida byen Birka. Birka var dåtidas viktigaste maktsentrum i Sverige.

Vest for øya Adelsö finn ein det største djupet: 64 meter. Elles ligg Mälaren sitt gjennomsnittsdjup på om lag 10 meter.

Historisk var Mälaren ein fjordarm til Austersjøen. I notida har Mälaren sin vasstand vorte regulert slik at innsjøen ligg noko høgare (0,7 meter) enn saltsjøen. Dei siste hundre åra har vasstanden stege med 0,4 meter samanlikna med Austersjøen. Mesteparten av auka kjem av landhevinga.

Damluker ved brua Riksbron stoggar brakkvatn frå å strøyme inn i Mälaren viss vasstanden stig i saltsjøen. Innsjøen sitt vatn renn ut i Austersjøen på fleire stader: i Stockholm gjennom Norrström og Söderström - desse straumane ligg nord og sør for Stadsholmen (Gamla stan). Det meste vatnet tek vegen gjennom Norrström. Viss vasstanden vert ekstremt høg nyttast òg Hammarbyleden og Södertälje kanal til avrenning. Somme tider (seinast i 2001) har høg vasstand truga å oversvømme undergrunnsstasjonen Gamla Stan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]