Stortare
Stortare | ||
| ||
Systematikk | ||
Domene: | Eukaryota | |
Rike: | Chromalveolata | |
Klasse: | Phaeophyceae | |
Orden: | Laminariales | |
Familie: | Laminariaceae | |
Slekt: | Laminaria | |
Art: | L. hyperborea | |
Vitskapleg namn | ||
Laminaria hyperborea |
Stortare er ein vanleg brunalge i strandsona i Noreg.
Utsjånad[endre | endre wikiteksten]
Stor brunalge som ofte dannar tette skogar i havet. Nedst eit velutvika og forgreina hefteorgan, og frå dette ein stiv og ru stilk som smalnar av oppover og som kan verte 4-5 m lang. Øvst på stilken sit ei inntil 0,5 m brei bladskive som er djupt kløyvd i mange sabelliknande flikar, og som ved stilken er hjarteforma eller avrunda. Stortaren sin stilk er fleirårig (10-15 år) og veks årleg både i lengde og breidde. Men bladskiva fornyar seg kvart år, og det gamle bladet vert ei tid sitjande att på toppen av det nye. Stortaren kan variere mykje i form og storleik.
Utbreiing[endre | endre wikiteksten]
Planta finst langs det nordaustlege Atlanterhavet frå Skandinavia sørover til Spania og Kanariøyane og inn i Nordsjøen og Austersjøen.
Førekomst i Noreg[endre | endre wikiteksten]
Arten finst berre på sterkt utsette stader, mest på Vestlandet og i Nord-Noreg. Sluttar å vekse når sjøtemperaturen stig over 15-16°C, og går derfor aldri inn i fjordane. Vanlegast i sublitoralsonen frå 2-6 m djupn, men kan finnast heilt ned til 30 m.
Bruk[endre | endre wikiteksten]
Stortaren utgjer 80 % av biomassen av dei større algane I Noreg. Her til lands vert mykje stortare samla av taretrålarar. Stortare som er kasta opp på land vert også brukt, det same er tilfelle i Frankrike, Irland og Skottland. Det viktigaste produktet frå stortareindustrien er alginat.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Laminaria hyperborea» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mars 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Stortare» frå Wikipedia på bokmål, den 20. mars 2012.
- Floraen i farger 2, Arne Pedersen og Jørgen Vasshaug, H. Aschehoug & Co. ( W. Nygaard ).