Stress av Kirsti Sparboe og Odd Børre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Stress»
Singel av Kirsti Sparboe og Odd Børre
Land Noreg
Språk Norsk
Utgjeve 1968
Tekstforfattar Ola B. Johannessen
Låtskrivar(ar) Tor Hultin og Ola B. Johannessen

«Stress» er ein song av Kirsti Sparboe og Odd Børre, gjeven ut i 1968. Songen er skriven av Tor Hultin og Ola B. Johannessen.[1]

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Melodi Grand Prix 1968[endre | endre wikiteksten]

«Stress» deltok i Melodi Grand Prix 1968, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1968 i London i Storbritannia. Songen vart framført på norsk av Kirsti Sparboe med eit lite orkester, og så på nytt av Odd Børre med eit stort orkester. Bidraget enda på andreplass med 14 poeng; eitt frå Ålesund og eitt frå Stavanger.[2][3] Vinnarsongen vart seinare anklaga for å vere plagiat av Cliff Richard-hiten «Summer Holiday», og låtskrivaren Kari Neegaard trekte attende songen før Eurovision Song Contest. Bidraget vart erstatta av «Stress», og dette er den fyrste og førebels einaste gongen vinnarsongen i Melodi Grand Prix ikkje har representert Noreg i Eurovision Song Contest.

Eurovision Song Contest 1968[endre | endre wikiteksten]

«Stress»
Eurovision Song Contest 1967
Land Noreg
Artist(ar) Odd Børre
Medverkande Øivind Bergh (dirigent)
Språk Norsk
Komponist(ar) Tor Hultin
Låtskrivar(ar) Ola B. Johannessen
Resultat
Finalepoeng 2
Finaleplass 13
Noreg i Eurovision Song Contest
«Dukkemann»
(1967)
«Stress» «Oj, oj, oj, så glad jeg skal bli»
(1969)

Etter at vinnarsongen i Melodi Grand Prix 1968 vart trekt attende fekk «Stress» representere Noreg i Eurovision Song Contest 1968. Odd Børre framførte songen på norsk, og enda på 13. plass med to poeng; eitt frå Luxembourg og eitt frå Spania. Øivind Bergh var dirigent.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «MGP 1968» (på norsk). OGAE Norge. Henta 6. juli 2014. 
  2. «Norway 1968» (på engelsk). esc-history.com. Henta 30. juni 2014. 
  3. «NORWEGIAN FINAL 1968» (på engelsk). natfinals.50webs.com. Henta 30. juni 2014.