Noreg i Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Noreg
EuroNoruega.svg

NRK
Uttakingar
Nasjonalt 58
Internt 1
Deltaking
Debutår 1960
Deltakingar 59
Beste resultat
Semifinalen 1 (2009 og 2018)
Finalen 1 (1985, 1995 og 2009)
Verste resultat
Semifinalen 18 (2007)
Finalen Sist (1963, 1969, 1974, 1976, 1978 1981, 1990, 1997, 2001, 2004 og 2012)
Poeng
Semifinalane 1 757
Finalane 3 524
Totalt 5 281

Noreg debuterte i Eurovision Song Contest i 1960, og landet har delteke kvart år sidan, med unntak av 1970 og 2002. Noreg har vunne Eurovision Song Contest tre gongar, men samstundes komme på sisteplass i ein finale elleve gongar – meir enn noko anna land. Noreg har i tillegg fått null poeng fire gongar, berre Austerrike har like mange. Den lange rekkja med dårlege plasseringar i 1960- og 1970-åra tok brått slutt 1985, då Bobbysocks sikra den fyrste sigeren til Noreg i tevlinga med «La det swinge». Sidan følgde ein ny siger i 1995 med Secret Garden og «Nocturne», og sist i 2009 med Alexander Rybak og songen «Fairytale». Noreg har arrangert Eurovision Song Contest tre gongar: Grieghallen i Bergen i 1986, Oslo Spektrum i 1996 og Telenor Arena i 2010. Det er NRK som sender Eurovision Song Contest i Noreg, og som står bak den nasjonale songtevlinga Melodi Grand Prix. Vinnaren av Melodi Grand Prix får representere Noreg i Eurovision Song Contest.

Etter år 2000 har resultata til Noreg i Eurovision Song Contest fortsett å svinge, med tre sisteplassar, éin siger og ytterlegare tre topp fem-plasseringar. Etter innføringa av semifinalar 2004 har Noreg blitt slått ut i semifinalen tre gongar: 2007, 2011 og 2016. Sidan 2013 har Noreg fem topp ti-plasseringar, seinast med sjetteplassen til KEiiNO og «Spirit in the Sky» i 2019. Noreg vann også telefonavrøystinga det året.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Nora Brockstedt var den fyrste deltakaren for Noreg i Eurovision Song Contest og fekk stor suksess med songen «Voi Voi».

NRK har ansvaret med å velje ut det norske bidraget, og har senderettane til Eurovision Song Contest i Noreg. Det norske bidraget vert kåra gjennom den årlege, nasjonale songtevlinga Melodi Grand Prix. Per 2021 har Noreg delteke 59 gongar i Eurovision Song Contest.

Noreg debuterte i Eurovision Song Contest i 1960, nesten eit halvt år før den offisielle opninga av fjernsynet i Noreg. Landet fekk ein god start då Nora Brockstedt song Noreg inn til fjerdeplass med «Voi Voi». Dei to neste åra heldt Noreg seg på topp ti, men i 1963 kom den fyrste sisteplassen, då Anita Thallaug fekk 0 poeng med «Solhverv».[1]

Nøkternheit og fagjuryar[endre | endre wikiteksten]

I 1960- og 1970-åra heldt NRK fast på sin ikkje-kommersielle innstilling til tevlinga. Fokuset skulle liggje på melodi og tekst, ikkje på show og koreografi, noko som prega dei norske finalane og songane i mange år.[2] I 1979 gjekk NRK så langt at dei strippa heile studio for kulisser og bad artistar og musikarar stille i kvardagsklede. Poenget var å rette merksemda mot songen, ikkje all innpakninga rundt.[3] Denne gjennomgåande haldninga, kombinert med skepsis i det norske musikkmiljøet, var truleg medverkande til at Noreg enda opp med bidrag som ikkje slo an hos dei europeiske juryane. Heller ikkje hos tv-sjåarane vart dei norske bidraga nokon slagerar, for eksempel dukka berre tre av dei norske vinnarlåtane opp på VG-lista i perioden 1961–1976.[4][5][6]

Skiftet i 1980-åra[endre | endre wikiteksten]

Bobbysocks sørga for Noregs fyrste Eurovision-siger i 1985.

Utover i 1980-årea endra NRK innstilling til tevlinga, og dei norske Eurovision-bidraga vart «lettare» og med meir koreografi. Ekspertjuryane vart også bytta ut med regionale folkejuryar frå 1982, og finalane vart sende direkte, ikkje i opptak som tidlegere. Haldningsskiftet gav resultat. I 1982 vart Noreg nummer tolv, i 1983 nummer ni, og i 1985 skjedde det som nærast hadde fått status som ein umoglegskap: Noreg vann Eurovision Song Contest med Bobbysocks og «La det swinge». Fleire gode resultat følgde etter sigeren, med ein niandeplass i 1987 og ein femteplass året etter. I åra 19891992 gjekk Noreg inn i ein svak periode igjen, blant anna med ein ny sisteplass i 1990.

I 1993 innleia Noreg sin beste periode i tevlinga. Silje Vige vart nummer fem i 1993, før Elisabeth Andreassen og Jan Werner Danielsen følgde opp med ein sjetteplass året etter. I 1995 vann Noreg for andre gong med Secret Garden og «Nocturne», medan Elisabeth Andreassen sikra Noreg ein andreplass på heimebane i 1996. Men rekkja av gode plasseringar fikk ein brå slutt i 1997, då Tor Endresen og songen «San Francisco» enda sist i Dublin uten poeng.

2,3 millioner nordmenn såg Alexander Rybak vinne i 2009.
Foto: Daniel Kruczynski

Etter tusenårsskiftet har Noreg hatt varierande resultat. Tre gongar har landet enda opp på sisteplass, og i 2002 måtte Noreg for fyrste gong ufriviljug stå utanfor konkurransen. I tillegg kvalifiserte ikkje Noreg seg til finalane i 2007, 2011 og 2016. Men i same periode har Noreg også vunne tevlinga éin gong, då Alexander Rybak vann eun suveren siger med «Fairytale» i 2009. Sigeren er framleis ein av de mest overlegne gjennom historien. Norge har i tillegg fått to fjerdeplassar og ein femteplass etter 2000.[7]

Fråvær[endre | endre wikiteksten]

Sidan debuten i 1960 har Noreg stått over Eurovision Song Contest ved to høve – i 1970 og i 2002. I 1970 trekte Noreg seg frå Eurovision Song Contest saman med blant andre Sverige og Finland. Bakgrunnen var at fire land hadde delt sigeren i tevlinga året før. Men ei like viktig årsak var nok den aukande norske misnøya og kritikken mot tevlinga, ei misnøye som nådde eit klimaks etter den norske finalen i Melodi Grand Prix 1969. Då Noreg valde å boikotte Eurovision Song Contest i 1970 og ikkje arrangere Melodi Grand Prix 1970, sa programdirektør i NRK Otto Nes til Aftenposten: «Det har forekommet en del misnøye med arrangementet, fordi man mener at det ikke har svart til de forventninger man stilte – nemlig at man gjennom denne melodikonkurranse i Eurovisjonen skulle høyne slagernivået i Europa».[8]

I 2002 var ikkje Noreg kvalifisert til tevlinga, på grunn av sisteplassen året før. Dette var fyrste gongen Norge ufriviljug måtte stå over Eurovision Song Contest. Etter innføringa av semifinalar i 2004 har Noreg blitt slått ut i semifinalane på tre av fjorten forsøk: 2007, 2011 og 2016. Norge var direktekvalifisert til finalane i 2004, 2006 og 2010.

Ulrikke Brandstorp skulle ha representert Norge i 2020 med songen «Attention», men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien. Dette var fyrste gongen siden byrjinga i 1956 at Eurovision Song Contest vart avlyst. «Attention» var også den andre Melodi Grand Prix-vinnaren som ikkje fekk representere Noreg i Eurovision Song Contest. Den fyrste var «Jeg har aldri vært så glad i noen som deg» som vann Melodi Grand Prix 1968. På grunn av skuldingar om plagiat trekte låtskrivaren Kari Diesen d.y. låten, og andreplassen «Stress» representerte Noreg i staden.

Sisteplass-landet[endre | endre wikiteksten]

Jahn Teigen fekk null poeng i 1978.

Noreg har mildt sagt hatt varierande suksess i Eurovision Song Contest. Sidan 1960 har Noreg vunne tre gongar og komme på topp fem ytterlegere åtte gongar. Men Noreg er nok langt meir kjent for sine elleve sisteplassar – fleire enn noko anna land.[9][10] Tek ein med semifinalar også, tangerer Finland denne rekorden med ni sisteplassar i ein finale og to i ein semifinale. Noreg har også enda opp utan poeng fire gongar: 1963, 1978, 1981 og 1997. Berre Austerrike har like mange gongar enda opp utan poeng.[11][12][13]

Den fyrste sisteplassen kom allereie på det fjerde norske forsøket, i 1963. Men det er perioden 1969–1981 som er den definitivt svakaste i norsk Eurovision-historie. I denne perioden deltok Noreg tolv gongar, og fem av dei enda med sisteplass (1969, 1974, 1976, 1978 og 1981). I tillegg kom Noreg nest sist to gongar (1971 og 1975). Berre éin gong i denne perioden kom Noreg på øvre halvdel av resultatlista: I 1973, då Bendik Singers kom på sjuandeplass med «It's Just a Game».

I 1978 vart Jahn Teigen den fyrste til å få null poeng etter at poengsystemet vart endra i 1975. Jumboplasseringa skapte enorm merksemd i Noreg, men også i fleire andre land. Men sisteplassen vart ein stor suksess for Jahn Teigen, og taparlåten «Mil etter mil» er framleis ein av dei mest selte Melodi Grand Prix-vinnarane gjennom tidene i Noreg.[14][15] Berre tre år seinare fekk Noreg null poeng igjen, denne gongen med Finn Kalvik og «Aldri i livet». Dei mange sisteplassane fekk britane til å spekulere på om Noreg faktisk gjekk inn for å få null poeng i tevlinga.[16]

I 1990 kom Norge sist for sjuande gong, og i 1997 hamna Noreg på delt sisteplass, saman med Portugal, med null poeng. Dette var fjerde, og førebels siste, gongen Noreg enda utan poeng i ein Eurovision-finale. Heller ikkje dei siste åra har Noreg sloppe unna jumboplasseringane. Også i 2001, 2004 og 2012 kom Noreg sist.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Dei norske bidraga har til saman vorte framført på 14 ulike språk: norsk, engelsk, fransk, spansk, italiensk, nederlandsk, tysk, irsk, hebraisk, serbokroatisk, finsk, svensk, nordsamisk og swahili. Noreg er i tillegg det landet som har nytta flest språk i éin song. «It's Just a Game» av Bendik Singers, som representerte Noreg i 1973, vart framført på tolv språk: engelsk, fransk, spansk, italiensk, nederlandsk, tysk, irsk, serbokroatisk, hebraisk, finsk, svensk og norsk.

Bidrag[endre | endre wikiteksten]

År Artist Song Språk Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
1960 Nora Brockstedt «Voi Voi» Norsk og finsk 11 4 Ingen semifinalar
1961 Nora Brockstedt «Sommer i Palma» Norsk 10 7
1962 Inger Jacobsen «Kom sol, kom regn» Norsk 2 10
1963 Anita Thallaug «Solhverv» Norsk 0 13
1964 Arne Bendiksen «Spiral» Norsk 6 8
1965 Kirsti Sparboe «Karusell» Norsk 1 13
1966 Åse Kleveland «Intet er nytt under solen» Norsk 15 3
1967 Kirsti Sparboe «Dukkemann» Norsk 2 14
1968 Odd Børre Sørensen «Stress» Norsk 2 13
1969 Kirsti Sparboe «Oj, oj, oj, så glad jeg skal bli» Norsk 1 16
1970 Deltok ikkje
1971 Hanne Krogh «Lykken er» Norsk 65 17
1972 Grethe og Benny «Småting» Norsk 73 14
1973 Bendik Singers «It's Just a Game» Engelsk, fransk, spansk, italiensk, nederlandsk, tysk, irsk, hebraisk, serbokroatisk, finsk, svensk og norsk 89 7
1974 Anne Karine Strøm og Bendik Singers «The First Day of Love» Engelsk 3 14
1975 Ellen Nikolaysen «Touch My Life (With Summer)» Engelsk 11 18
1976 Anne-Karine Strøm «Mata Hari» Engelsk 7 18
1977 Anita Skorgan «Casanova» Norsk 18 14
1978 Jahn Teigen «Mil etter mil» Norsk 0 20
1979 Anita Skorgan «Oliver» Norsk 57 11
1980 Sverre Kjelsberg og Mattis Hætta «Sámiid ædnan» Norsk og nordsamisk 15 16
1981 Finn Kalvik «Aldri i livet» Norsk 0 20
1982 Jahn Teigen og Anita Skorgan «Adieu» Norsk 40 12
1983 Jahn Teigen «Do Re Mi» Norsk 53 9
1984 Dollie de Luxe «Lenge leve livet» Norsk 29 17
1985 Bobbysocks «La det swinge» Norsk 123 1
1986 Ketil Stokkan «Romeo» Norsk 44 12
1987 Kate Gulbrandsen «Mitt liv» Norsk 65 9
1988 Karoline Krüger «For vår jord» Norsk 88 5
1989 Britt Synnøve Johansen «Venners nærhet» Norsk 30 17
1990 Ketil Stokkan «Brandenburger Tor» Norsk 8 21
1991 Just 4 Fun «Mrs. Thompson» Norsk 14 17
1992 Merethe Trøan «Visjoner» Norsk 23 18
1993 Silje Vige «Alle mine tankar» Norsk 120 5 Kvalifikacija za Millstreet
1994 Elisabeth Andreassen og Jan Werner Danielsen «Duett» Norsk 76 6 Ingen semifinalar
1995 Secret Garden «Nocturne» Norsk 148 1
1996 Elisabeth Andreassen «I evighet» Norsk 114 2 Direktekvalifisert
1997 Tor Endresen «San Francisco» Norsk 0 24 Ingen semifinalar
1998 Lars Fredriksen «Alltid sommer» Norsk 79 8
1999 Stig van Eijk «Living My Life Without You» Engelsk 35 14
2000 Charmed «My Heart Goes Boom» Engelsk 57 11
2001 Haldor Lægreid «On My Own» Engelsk 3 22
2002 Deltok ikkje
2003 Jostein Hasselgård «I’m Not Afraid to Move On» Engelsk 123 4
2004 Knut Anders Sørum «High» Engelsk 3 24 Direktekvalifisert
2005 Wig Wam «In My Dreams» Engelsk 125 9 164 6
2006 Christine Guldbrandsen «Alvedansen» Norsk 36 14 Direktekvalifisert
2007 Guri Schanke «Ven a bailar conmigo» Engelsk og spansk Ikkje kvalifisert 48 18
2008 Maria Haukaas Storeng «Hold On Be Strong» Engelsk 182 5 106 4
2009 Alexander Rybak «Fairytale» Engelsk 387 1 201 1
2010 Didrik Solli-Tangen «My Heart Is Yours» Engelsk 35 20 Direktekvalifisert
2011 Stella Mwangi «Haba Haba» Engelsk og swahili Ikkje kvalifisert 30 17
2012 Tooji «Stay» Engelsk 7 26 45 10
2013 Margaret Berger «I Feed You My Love» Engelsk 191 4 120 3
2014 Carl Espen Thorbjørnsen «Silent Storm» Engelsk 88 8 77 6
2015 Mørland og Debrah Scarlett «A Monster Like Me» Engelsk 102 8 123 4
2016 Agnete «Icebreaker» Engelsk Ikkje kvalifisert 63 13
2017 JOWST og Aleksander Walmann «Grab the Moment» Engelsk 158 10 189 5
2018 Alexander Rybak «That’s How You Write a Song» Engelsk 144 15 266 1
2019 KEiiNO «Spirit in the Sky» Engelsk og nordsamisk 331 6 210 7
2020 Ulrikke Brandstorp «Attention» Engelsk Tevling avlyst
2021 TIX «Fallen Angel» Engelsk 18 75 115 10

Dirigentar for Noreg[endre | endre wikiteksten]

Fram til og med 1998 vart bidraga framført med orkester, og kvart land hadde sin eigen dirigent som dirigerte orkesteret.[17] Utover i 1990-åra tok ferdiginnspelt musikk i større grad over, og i 1999 vart orkesteret avskaffa. Dei noverande reglane krev at all musikk og instrumenter på scena skal vere førehandsinnspelt.[18] Under er eit oversyn over dirigentane for Noreg i åra 1960–1998.[19]

Dirigent År Antall
Øivind Bergh 19601963, 19651969 9
Karsten Andersen 1964 1
Arne Bendiksen 1971 1
Carsten Klouman 19721973, 1975, 19771978 5
Frode Thingnæs 1974, 1976, 1996 3
Sigurd Jansen 19791984 6
Terje Fjærn 19851987 2
Egil Monn-Iversen 1986 1
Arild Stav 1988 1
Pete Knutsen 19891991, 1994 4
Rolf Løvland 19921993 2
Geir Langslet 1995, 19971998 3

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Røystehistorikk[endre | endre wikiteksten]

Finalane[endre | endre wikiteksten]

Noreg har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01 Sverige 381
02 Danmark 221
03 Frankrike 175
04 Irland 170
05 Storbritannia 163

Noreg har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01 Sverige 236
02 Danmark 181
03 Irland 171
04 Island 152
05 Belgia 149

Semifinalane (2004–2019)[endre | endre wikiteksten]

Noreg har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
01 Sverige 90
02 Litauen 89
03 Danmark 86
04 Finland 59
05 Nederland 57

Noreg har fått flest poeng frå
# Land Poeng
01 Danmark 107
02 Sverige 75
03 Litauen 72
04 Nederland 69
05 Irland 64

Kringkasting, kommentatorar og poengutdelarar[endre | endre wikiteksten]

NRK1, fram til 1996 berre NRK, har kringkasta Eurovision Song Contest kvart år sidan 1960. Frå 2013 har finalen og vorte kringkasta på NRK3 med programleiarane frå P3morgenNRK P3, som eit alternativ til den vanlege kommenteringa på NRK1.

År Kommentator(ar) Poengutdelar(ar)
NRK1 NRK3 NRK
1960 Erik Diesen (norsk) Kari Borg Mannsåker
1961 Leif Rustad (norsk) Mette Janson
1962 Odd Grythe (norsk) Kari Borg Mannsåker
1963 Øivind Johnsen (norsk) Roald Øyen
1964 Odd Grythe (norsk) Sverre Christophersen
1965 Erik Diesen (norsk)
1966 Sverre Christophersen (norsk) Erik Diesen
1967 Erik Diesen (norsk) Sverre Christophersen
1968 Roald Øyen (norsk)
1969 Sverre Christophersen (norsk) Janka Polanyi
Noreg deltok ikkje i 1970
1971 Sverre Christophersen (norsk) Ingen poengutdelar
1972 Roald Øyen (norsk)
1973 John Andreassen (norsk)
1974 Sverre Christophersen
1975
1976 Jo Vestly (norsk)
1977 John Andreassen (norsk)
1978 Bjørn Scheele (norsk) Egil Teige
1979 Egil Teige (norsk) Sverre Christophersen
1980 Knut Aunbu (norsk) Roald Øyen
1981 Sverre Christophersen
1982 Bjørn Scheele (norsk) Erik Diesen
1983 Ivar Dyrhaug (norsk)
1984 Roald Øyen (norsk) Egil Teige
1985 Veslemøy Kjendsli (norsk) Erik Diesen
1986 Knut Bjørnsen (norsk) Nina Matheson
1987 John Andreassen og Tor Paulsen (norsk) Sverre Christophersen
1988 John Andreassen (norsk) Andreas Diesen
1989 Sverre Christophersen
1990 Leif Erik Forberg (norsk)
1991 John Andreassen og Jahn Teigen (norsk)
1992 John Andreassen (norsk)
1993 Leif Erik Forberg (norsk)
1994 Jostein Pedersen (norsk)
1995 Annette Groth (norsk)
1996 Jostein Pedersen (norsk, alle showa) Ragnhild Sælthun Fjørtoft
1997
1998
1999
2000 Marit Åslein
2001 Roald Øyen
2002 Noreg fekk ikkje delteke
2003 Roald Øyen
2004 Ingvild Helljesen
2005
2006
2007 Per Sundnes (norsk, alle showa) Synnøve Svabø
2008 Per Sundnes og Hanne Hoftun (norsk, alle showa) Stian Barsnes Simonsen
2009 Synnøve Svabø (norsk, alle showa)
2010 Olav Viksmo Slettan (norsk, alle showa) Anne Rimmen
2011 Nadia Hasnaoui
2012
2013 Ronny Brede Aase, Silje Nordnes og Yngve Hustad Reite (norsk, finalen) Tooji
2014 Ronny Brede Aase, Silje Nordnes og Line Elvsåshagen (norsk, finalen) Margrethe Røed
2015 Ronny Brede Aase, Silje Nordnes og Markus Neby (norsk, finalen)
2016 Elisabeth Andreassen
2017 Marcus & Martinus
2018 JOWST og Aleksander Walmann
2019 Alexander Rybak
2020 Tevlinga vart avlyst pga. koronapandemien
2021 Marte Stokstad Adelina Ibishi og Martin Lepperød Silje Skjemstad Cruz

Vertskap[endre | endre wikiteksten]

År Stad Arena Programleiar
1986 Bergen Grieghallen Åse Kleveland
1996 Oslo Oslo Spektrum Ingvild Bryn og Morten Harket
2010 Bærum Telenor Arena Nadia Hasnaoui, Haddy N'jie og Erik Solbakken

Rekordar[endre | endre wikiteksten]

  • Sist flest gonger (11)
  • Nest sist flest gonger (4, saman med Frankrike og Jugoslavia)
  • Null poeng flest gonger (4)
  • Flest språk i éin song (12)
  • Høgaste poengsum (387)
  • Vann med størst margin (169)

Noreg tok òg rekorden for flest tolvarar (16) i 2009, men vart slått av Sverige i 2012 (18).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Norway – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 12. desember 2016. 
  2. «Melodi Grand Prix 1975 – norsk finale». Norsk rikskringkasting. 25. januar 1975. Henta 12. desember 2016. «Programleder Bergljot Engeset: "Når det gjelder selve arrangementet Melodi Grand Prix, så kan man vel ikke si det har skjedd særlig store forandringer i løpet av de 15 årene Norge har deltatt. Og vi, ja, vi kommer vel også denne gang til å holde oss til det tradisjonelle mønsteret. Men vi har lyst til å minne om at det tross alt er melodien, teksten og musikken som er viktig i dette storstilte arrangementet. Og vi får håpe at de som er med på å stemme, ikke lar seg påvirke for mye av innpakningen her i studio."» 
  3. «Melodi Grand Prix 1979 – norsk finale». Norsk rikskringkasting. 10. februar 1979. Henta 12. desember 2016. «Programleder Egil Teige: "Det er lydbildet vi satser på i Grand Prix, så det er betraktelig mindre glitter og stas enn vanligvis altså, men det skulle vel ikke ha noe betyding for det musikalske utbyttet?"» 
  4. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet :0
  5. Johnson, Geir (1986). Norge i Melodi Grand Prix. Oslo: Atheneum. ISBN 8273341232. 
  6. Jostein Pedersen. «Absolutt Grand Prix, Volum 1». Ballade.no. Henta 12. desember 2016. «På denne tiden var Grand Prixs popularitet på nullpunktet, særlig i musikerkretser. Etter EEC/EF-kampen vokste radikaliseringen og venstresidens aktive kulturliv dominerte. I flere land var det demonstrasjoner mot GP-sirkuset og den multikapitalistiske musikkindustrien.» 
  7. Simon Storvik-Green (14. april 2012). «Norway – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 12. desember 2016. 
  8. «Norge ikke med i Melodi Grand Prix neste år». Aftenposten. 1. november 1969. s. 1 og 20. 
  9. Camille Simonet (17. mai 2019). «Eurovision Song Contest 2019: Which countries have been least successful over the years?». www.euronews.com. Euronews. Henta 20. mai 2019. 
  10. Merete Skogrand, Håkon Eikesdal og Jan Thomas Holmlund (27. mai 2012). «Ingen andre land har flere sisteplasser enn Norge». dagbladet.no. Henta 12. desember 2016. 
  11. Kurt Bakkemoen (24. november 2006). «Null-artister blir kulthelter». VG Nett. Henta 12. desember 2016. 
  12. «The Nul Pointers». Nul Points! (engelsk). 2018. Henta 28. august 2018. 
  13. Simon Storvik-Green (14. april 2012). «Norway: From 0 to 387 in 50 years». eurovision.tv. Henta 12. desember 2016. 
  14. Coilin O'Connor (24. mai 2012). «Ten Memorable Eurovision Moments». Radio Free Europe. Henta 12. desember 2016. 
  15. «Jahn Teigen». Rockipedia. Henta 12. desember 2016. 
  16. Hjort-Larsen, Arvid (7. april 1981). «BBC spør: Norge null-spekulanter?». Verdens Gang. s. 35. 
  17. «Facts & Figures - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. EBU. Henta 7. mars 2019. 
  18. «Forget The Orchestra: Lisbon 2018 Welcomes Back Live Music To Eurovision». ESC Insight - Home of the Unofficial Eurovision Song Contest Podcast. 28. februar 2018. Henta 7. mars 2019. 
  19. «Detailed overview: conductors for Norway». And the conductor is... Henta 12. desember 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]