Kirsti Sparboe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kirsti Sparboe
Kirsti Sparboe.jpg
Fødd7. desember 1946
FødestadTromsø
OpphavNoreg
Aktiv1963–
Instrumentvokal
Verka somskodespelar, songar
Gift medBenny Borg
PrisarSpellemannprisen for årets kvinnelige artist

Kirsti Sparboe (fødd 7. desember 1946 i Tromsø) er ein norsk songar og skodespelar som hadde ei framståande rolle i norsk musikk- og kulturliv frå midten av 1960-åra og fram mot 1980-åra.[1] Ho er kjend for ei rekkje deltakinga i Melodi Grand Prix, og med fire sigerar er ho saman med Jahn Teigen den artisten som har vunne konkurransen flest gonger.[2] Ho representerte Noreg i Eurovision Song Contest tre gonger: 1965, 1967 og 1969. Sparboe har gjeve ut ei rekkje album og singlar, og er særleg kjend for songar som «Oj, oj, oj, så glad jeg skal bli», «Nordlandsnetter», «Hjem» og «En sommer er over».[3] Sparboe har også hatt suksess i utlandet, mellom anna i Tyskland, og har hatt ei rekkje større og mindre roller innan norsk teater, revy, film og tv.

Melodi Grand Prix[endre | endre wikiteksten]

Kirsti Sparboe hadde i perioden 1965–1977 tretten framføringar i åtte ulike finalar av Melodi Grand Prix. I tillegg deltok ho i den vesttyske finalen i 1970 og tre gonger i Eurovision Song Contest.

Melodi Grand Prix[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Plass
1965 «Karusell» – lite orkester 1
«Karusell» – Kringkastingsorkestret
1966 «Gi meg fri» – lite orkester 2
«Lørdagstripp» – Kringkastingsorkestret 4
1967 «Dukkemann» – Kringkastingsorkestret 1
1968 «Stress» – lite orkester 2
«Jeg har aldri vært så glad i noen som deg» – Kringkastingsorkestret 1
1969 «Oj, oj, oj, så glad jeg skal bli» 1
1972 «Lillebror» 2
1974 «Yo-Yo» – duett med Kjersti Døvigen 4
1977 «Sang» – duett med Benny Borg 3
«Poker» – slått ut i semifinalen
«Det er hans land» – slått ut i semifinalen

Andre deltakingar[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Plassering
1970 «Pierre der Clochard» – vesttysk finale 4
1979 Jurymedlem i Melodi Grand Prix
2008 Framførte «Oj, oj, oj, så glad jeg skal bli»

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Plassering Poeng
1965 «Karusell» 13 av 18 1
1967 «Dukkemann» 14 av 17 2
1969 «Oj, oj, oj, så glad jeg skal bli» 16 av 16 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. Larsen, Svend Erik Løken (28. september 2014). «Kirsti Sparboe». Norsk biografisk leksikon (norsk). Henta 6. februar 2018. 
  2. Suvatne, Steinar Solås (14. mars 2014). «De beste sceneantrekkene i MGP?». NRK (bokmål). Henta 6. februar 2018. 
  3. «Kirsti Sparboes singler på VG-lista». VG-lista (bokmål). 2018. Henta 6. februar 2018. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]