Stripemuslingkreps

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stripemuslingkreps
Stripemuslingkreps Foto: Markus Lindholm, Anders Hobæk/Norsk institutt for vassforsking
Stripemuslingkreps
Foto: Markus Lindholm, Anders Hobæk/Norsk institutt for vassforsking
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Klasse: Muslingkreps Ostracoda
Orden: Podocopida
Familie: Cyprididae
Slekt: Cypridopsis
Art: Stripemuslingkreps C. vidua
Vitskapleg namn
Cypridopsis vidua
(O.F. Müller, 1776)

Stripemuslingkreps (Cypridopsis vidua) er ein muslingkreps med markerte tverrstriper. Han lever i ei rad ulike habitat; til dømes i småe næringsrike dammar eller grøfter på dyrka mark om sumaren, og i fjellet. Stripemuslingkreps økslar berre med jomfrufødsel.

Stripemuslingkrepsar har lange symjehår og er soleis tilpassa symjing. Dei er ofte på farten mellom algar og vassplantar. Røyne syner at dei nyttar tettveksande matter av algar som skjul for å verna seg mot veidande fisk.

I Noreg er stripemuslingkreps ein av dei vanlegaste muslingkrepsartane. Han er særs vanleg over heile Austlandet og er dessutan regelmessig observert på Vestlandet. Han er funne ved 1 100 meters høgd på Ringebufjellet og er elles støtt observert i fjellet i Sør-Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]