Stuart Duncan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stuart Duncan
Duncan-fls.jpg
Fødd14. april 1964 (55 år)
FødestadQuantico
OpphavQuantico i Virginia i USA
SjangerBluegrass, country, americana
InstrumentFiddle, mandolin, banjo, gitar
Tilknytte artistarNashville Bluegrass Band, mange andre
Verka sombanjospiller, mandolinspelar, spelemann, låtskrivar, gitarist

Stuart Duncan (fødd 14. april 1964) er ein amerikansk bluegrassmusikar som spelar fele, mandolin, gitar og banjo.

Duncan har vore medlem av Nashville Bluegrass Band sidan 1985. Han har òg arbeidd som studiomusikar og spelt med mange kjende artistar som George Strait, Dolly Parton, Reba McEntire og Barbra Streisand.[1] I 2006 turnerte han i lag med Mark Knopfler og Emmylou HarrisRoadrunning-turneen deira, og han er med på All the Roadrunning og Real Live Roadrunning. I 2008 vart han med Robert Plant og Alison Krauss på turneen etter det kritikarroste albumet Raising Sand.

Duncan har vunne fleire prisar. Som medlem av Nashville Bluegrass Band vann han Grammy for beste bluegrassalbum i 1994 og 1996.[2] Duncan vart kåra til årets felespelar av Academy of Country Music i 1996, 1998, 1999, 2001 og 2004.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Grammy winner Stuart Duncan designs custom Gibson mandolin». Gibson Musical Instruments. 29. mars 29, 2001. Arkivert frå originalen 2008-03-28. Henta 28. oktober 2007. 
  2. «Grammy Award Winners». Grammyprisen. Arkivert frå originalen 2008-06-28. Henta 28. oktober 2007.