Robert Plant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Robert Plant
Robert Plant - Band of Joy.jpg
Robert Plant i Birmingham Symphony Hall (2010)
Verkeleg namn Robert Anthony Plant
Fødd 20. august 1948
West Bromwich i Birmingham i England
Instrument Vokal, munnspel, perkusjon, gitar
Sjanger Hardrock, heavy metal, bluesrock, folkrock, verdsmusikk, countryrock
Aktive år 1966 til i dag
Yrke Songar og låtskrivar
Tilknytte artistar Band of Joy, Led Zeppelin, The Honeydrippers, Page and Plant, Strange Sensation, Alison Krauss, The New Yardbirds
Plateselskap Atlantic, Swan Song, Es Paranza, Sanctuary, Mercury, Universal, Rounder
Nettstad www.robertplant.com

Robert Anthony Plant, CBE (fødd 20. august 1948) er ein engelsk songar og låtskrivar, mest kjend som vokalist og tekstforfattar i Led Zeppelin. Han har òg hatt ein suksessrik solokarriere. I 2007 gav han ut Raising Sand, eit album produsert av T-Bone Burnett med den amerikanske bluegrass-sopranen Alison Krauss, som vann dei Grammy Award for årets album i 2009.[1]

Med ein karriere på meir enn 40 år vert Plant rekna som ein av dei viktigaste songarane i rockehistoria, og har påverka samtidige songarar som Freddie Mercury og Axl Rose.[2] I 2006 kåra heavy metal-magasinet Hit Parader Plant til den største metal-songaren gjennom tidene.[3] I 2009 vart Plant stmend fram som den beste stemma i rock, føre Freddie Mercury, i ei undersøking gjort av Planet Rock.[4][5]

Liv og karriere[endre | endre wikiteksten]

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Plant vart fødd i West Bromwich, men voks opp i Kidderminster i Worcestershire. Plant fekk tidlege ei interesse for å synge rock'n'roll.

Då eg var ein liten gut brukte eg å gøyme meg bag gardinene heime då det var jul og prøvde å vere Elvis. Det var ein særeigen atmosfære mellom gardinene og dei franske vindauga, det var ein viss lyd der for ein ti år gammal gut.[6]

Han forlet King Edward VI Grammar School for Boys i Stourbridge midt i tenåra og utvikla ein sterk kjærleik til blues, hovudsakleg Willie Dixon, Robert Johnson og tidlege utgåver av songane i denne sjangeren.

Han forlet praksisplassen som statsautorisert revisor etter berre to veker for å gå på college for å få ei betre utdanning og verte ein del av bluesmiljøet i English Midlands.[7][8]

Dei tidlege inspirasjonskjeldene hans var mellom andre Robert Johnson, Bukka White, Skip James, Jerry Miller og Sleepy John Estes. Plant hadde forskjellige jobbar medan han prøvd å starte ein musikkarriere og arbeidde mellom anna for det britiske byggfirmaet Wimpey i Birmingham i 1967 der han la asfalt på vegar. Han arbeidde òg i Woolworths i Halesowen ein kort periode. Han spelte inn tre obskure singlar for CBS Records[9] og song med mange forskjellige band, mellom andre The Crawling King Snakes, som førte han i kontakt med trommeslagar John Bonham. Dei spelte begge seinare i Band of Joy, som blanda blues med nyare psykedeliske trendar. Han hadde ikkje suksess dei første åra, men fekk raskt eit rykte som «ein ung mann med ei mektig røyst».

Led Zeppelin[endre | endre wikiteksten]

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Plant med Led Zeppelin

I 1968 leitte gitarist Jimmy Page etter ein songar for det nye bandet sitt og møtte Plant etter først å ha fått avslag av førstevalet sitt, Terry Reid.[10] Page explained:

Då eg høyrte han synge, tenkte eg at det må vere noko gale med han, med personlegdomen hans eller at han var umogeleg å arbeide med, for eg kunne ikkje forstå då han sa at han hadde sunge nokre år alt, at han ikkje hadde fått eit stort namn. Så eg inviterte han ned til meg for ei stund, berre for å sjekke om han var ok, og me gjekk flott i lag. Ingen problem.[11]

I følgje Plant:

Eg spelte på eit college då Peter og Jimmy møtte opp og spurte om eg ville bli med i The Yardbirds. Eg visste at The Yardbirds hadde spelt mykje i Amerika - som betydde at eg kom til å møte publikum som kjende det eg kunne tilby - så eg var naturlegvis særs interessert.[12]

Plant og Page gjekk godt i lag frå starten av og delte ein lidenskap for musikk. Dei starta å skrive om tidlegare bluessongar i lag, sjølv om Plant ikkje vart tilskriven for nokre av låtane på det første albumet til bandet, fordi han visstnok framleis var under kontrakt med CBS Records på denne tida. Plant førte med seg John Bonham som trommeslagar, og John Paul Jones slutta seg til dei. Jones hadde tidlegare arbeidd med Page som studiomusikar.

Dei vart i starten kalla «New Yardbirds» i 1968, men bandet vart kort tid etter kjend som Led Zeppelin. Det første albumet deira nådde listene i 1969 og vert rekna som eni tidleg start på heavy metal. Plant har derimot sagt han syns det er urettvist at folk tenkjer på Zeppelin som heavy metal, sidan ein tredjedel av musikken deira var akustisk.[13]

I 1975 vart Plant og den dåverande kona Maureen alvorleg skadde i ei bilulukke på Rhodos i Hellas. Dette påverka produksjonen av det sjuande albumet til Led Zeppelin, Presence, som vart spelt inn medan han vart frisk att, og tvinga bandet til å kansellere alle dei planlagte konsertane dette året.

I juli 1977 døydde sonen Karac av ein mageinfeksjon, medan Plant var på turne med Led Zeppelin i USA. Det var eit frykteleg tap for familien. Plante avbraut turneen og reiste heim til Midlands, der han i fleire månader vurderte framtida si.[14] Dødsfallet til Karac inspirerte han seinare til å skrive songen «All My Love» som finst på det siste studioalbumet til Zeppelin, In Through the Out Door.

Tekstar[endre | endre wikiteksten]

Plant byrja ikkje å skrive songtekstar med Led Zeppelin før Led Zeppelin II, i 1969. I følgje Jimmy Page:

« Det viktigaste med Led Zeppelin II er at fram til då hadde eg skrive tekstane. Robert hadde ikkje skrive før, og det tok mykje overtaling for å få han til å skrive, som var morosamt. Og så, på det andre albumet, skreiv han teksten til «Thank You». Han sa, 'eg vil prøve meg og skrive denne for kona mi.'[15]  »

Tekstane til Plant med Led Zeppelin var ofte mystiske, filosofiske og spirituelle, ofte med referansar til norrøn mytologi, som på «Immigrant Song» som omtalar Valhall og erobringane til vikingane. Songen «No Quarter» vert ofte mistyda som ein referanse til guden Tor, medan han i røynda er ein referanse til Mount Thor (som er kalla opp etter guden). Eit anna døme er «The Rain Song».

Plant var òg inspirert av J. R. R. Tolkien og tekstane på somme av dei tidlege Led Zeppelin-songane inneheld fleire referansar til bøkene hans, mest kjend «The Battle of Evermore», «Misty Mountain Hop», «No Quarter», «Ramble On» og «Over the Hills and Far Away». Plant skreiv òg meir beintfram blues-baserte tekst med mange seksuelle antydingar, som «The Lemon Song», «Trampled Under Foot» og «Black Dog».

Dei mystiske tekstane til Plant er ofte baserte på walisisk mytologi. Han voks opp nær grensa til Wales og reiste ofte om sommaren til Snowdonia. Plant kjøpte ein walisisk sauegard i 1973 og tok timar i walisisk. Han studerte òg mytologien i området (som Black Book of Carmarthen, Book of Taliesin, osv.) Den første sonen til Plant, Karac, vart kalla opp etter den walisiske krigaren Caratacus. Songen «Bron-Y-Aur Stomp» er kalla opp etter ei walisisk hytte Bron-Yr-Aur som ein ven av faren eigde.

Lidenskapen for nye musikalske opplevingar dreiv Plant til å utforske Afrika, særleg Marrakesh i Marokko der han møtte Umm Kulthum.

« Eg var først fengsla av skalaene og sjølvsagt vokalen. Måten ho song på, måten ho kunne halde ein tone på, du kunne føle spaninga, du visste at alle, heile orkesteret, heldt tonen til å ønskte å skifte.[16]  »

Denne musikalske inspirasjonen kulminerte til slutt i den klassiske songen «Kashmir» (som er meir indisk enn nordafrikansk). Både han og Jimmy Page vendte attende til desse musikkstilane på albumet No Quarter: Jimmy Page and Robert Plant Unledded i 1994.

Ein av dei største prestasjonane til Plant med Led Zeppelin var bidraga hans til «Stairway to Heaven», ein episk rockeballade frå Led Zeppelin IV som var inspirert av folk, blues, keltisk musikk og hardrock. Det meste av teksten vart skriven spontant i 1970 i Headley Grange. Sjølv om songen aldri vart gjeven ut på singel, vert songen ofte rekna som ein av tidenes beste songar.

Plant improviserte ofte tekst på konsertane til Led Zeppelin, og song ofte vers ein tidlegare ikkje hadde høyrt på studioinnspelingane. Plant brukte ofte å etterlikne gitareffektane til Jimmy Page. Dette kan ein høyre på songar som «How Many More Times», «Dazed and Confused», «The Lemon Song», «You Shook Me», «Nobody's Fault but Mine» og «Sick Again».

Han er òg kjend for den muntre, humørfylte og uvanlege spøkinga på scenen, ofte kalla «plantations». Plant snakka ofte om opphavet og bakgrunnen for songane på konsertane sine, og kom stundom med samfunnskommentarar i tillegg.

Scenepersonlegdom[endre | endre wikiteksten]

Plant (venstre) med Led Zeppelin-gitarist Jimmy Page

Plant hadde stor suksess med Led Zeppelin gjennom 1970-åra og utvikla eit image som ein karismatisk rock 'n' roll-frontmann, på linkande vis som The Who-songar Roger Daltrey (som hadde linkande utsjånad frå seint i 1960-åra), Mick Jagger frå Rolling Stones og Jim Morrison frå The Doors.[17] Med det lange, blonde håret og den kraftige, nakne overkroppen, var Plant med på å skape «rockegud»-typen. På scenen var Plant særleg aktiv og han dans, hoppa, klappa og gjorde entusiastiske handrørsler for å legge vekt på teksten eller musikken.

Solokarriere (etter 1982)[endre | endre wikiteksten]

Som soloartist[endre | endre wikiteksten]

Etter at Led Zeppelin vart oppløyst i 1980 (då John Bonham døydde) har Plant hatt ein suksessrik solokarriere som starta med Pictures at Eleven i 1982, og etterfølgd av The Principle of Moments i 1983. Populære songar frå denne perioden var mellom andre «Big Log», «In the Mood», «Little by Little», «Tall Cool One» og «I Believe». I 1984 danna Plant eit kortvarig band med Jimmy Page og Jeff Beck kalla The Honeydrippers. Dei fekk ein 3. plass med Phil Phillips-songen «Sea of Love» og Roy Brown-songen «Rockin' at Midnight». Sjølv om Plant ikkje spelte Led Zeppelin-songar i denne perioden, var turneane hans i 1983 (med trommeslagar Phil Collins) og 1985 store suksessar, ofte med utselde arenaer.

Utover i 1980- og 1990-åra skreiv Pland tre soloalbum med klaverspelar og låtskrivar Phil Johnstone. Now and Zen, Manic Nirvana og Fate of Nations (med Máire Brennan frå Clannad). Det var Johnstone som overtalte Plant til å byrje å spele Led Zeppelin-songar på konsertane sine, noko Plant lenge motstod, fordi han ikkje ville vere kjend som «den tidlegare Led Zeppelin-vokalisten» resten av livet.

Sjølv om Led Zeppelin vart oppløyst i 1980, møttest Plant og Page stundom for forskjellige prosjekt, som The Honeydrippers: Volume 1 i 1984 (Volume 2 kom aldri). I 1988 song Plant på soloalbumet til Page, Outrider, medan Page same året medverka til Plant-albumet Now and Zen.

Som Page and Plant (1994-1998)[endre | endre wikiteksten]

Page and Plant vart eit fulltidsprosjekt frå 1994 til 1998, og dei gav ut Unledded i 1994 etterfølgd av ein særs populær turne i 1995. Page and Plant spelte så inn albumet Walking into Clarksdale i 1998, som selde dårleg og fekk Plant til å gå attende til solokarrieren sin. Ein song frå dette albumet, «Please Read the Letter», vart spelt inn på nytt av Plant med Alison Krauss for albumet deira i 2008.

Med Priory of Brion (1999-2000)[endre | endre wikiteksten]

Frå midten av 1999 til slutten av 2000 spelte Plant mange små konsertstader med folkrockbandet sitt Priory of Brion.

I 1999 medverka Plant på hyllestalbumet til Moby Grape-medlemmet Skip Spence, som var dødssjuk. Albumet More Oar: A Tribute to the Skip Spence Album (Birdman, 1999)

I 2001 spelte Plant på Afro Celt Sound System-albumet Volume 3: Further in Time. Songen «Life Begin Again» er ein duett med den walisiske visesongaren Julie Murphy.

Med The Strange Sensation (2001-2007)[endre | endre wikiteksten]

I 2002 danna Plant eit nytt band, Strange Sensation, som hovudsakleg spelte gamle blues- og folkesongar. Dette resulterte i albumet Dreamland. I kontrast til den frodige samlinga med relativt obskure nyinnspelingar, bestod det andre albumet til Strange Sensation, Mighty ReArranger (2005), av nye, originale songar. Begge albuma fekk særs god kritikk og han vart nominert til fire Grammy Award, to i 2003 og to i 2006.

Som tidlegare medlem av Led Zeppelin, fekk han i la med Page og John Paul Jones, Grammy Lifetime Achievement Award i 2005 og Polar Music Prize i 2006.

Frå 2001 til 2007 turnerte Plant mykje i USA og Europa med Strange Sensation. Songan bestod av nye solosongar og mange Led Zeppelin-songar, ofte med nye og utvida arrangement. Ein DVD kalla Soundstage: Robert Plant and the Strange Sensation, kom ut i oktober 2006.

I 2006 spelte bland (i lag med bandet til Ian Hunter) på ein konsert for Arthur Lee i Beacon Theatre i New York. Konserten kom til som støtte for Lee, som sleit med leukemi. Plant og bandet spelte tretten songar, fem av Arthur Lee & Love, fem av Led Zeppelin og tre andre i duett med Ian Hunter. Lee døydde av sjukdommen seks veker etter konserten.

Ein plateboks frå heile solokarrieren hans, Nine Lives, kom ut i november 2006, med alle albuma hans, B-sider, demoar og konsertopptak.

I 2007 medverka Plant på to songar til hyllestalbumet for Fats Domino, Goin' Home: A Tribute to Fats Domino, «It Keeps Rainin'» med Lil' Band O' Gold og «Valley of Tears» med The Soweto Gospel Choir.

Med Alison Krauss (2007-2008)[endre | endre wikiteksten]

Robert Plant på scenen med Alison Krauss i Birmingham, 5. mai 2008

Frå 2007 til 2008 spelte Plant inn musikk i lag med bluegrass-stjerna Alison Krauss. Albumet Raising Sand kom ut 23. oktober 2007 på Rounder Records. Albumet vart spelt inn i Nashville og Los Angeles og var produsert av T-Bone Burnett. Det innehed songar frå R&B-, blues-, folk- og country-artistar som Mel Tillis, Townes Van Zandt, Gene Clark, Tom Waits, Doc Watson, Little Milton og The Everly Brothers. Songen «Gone Gone Gone (Done Moved On)» frå Raising Sand vann dei ein Grammy Award for beste popsamarbeid med vokal i 2008. Raising Sand vann òg prisen for årets album.[18] Albumet vart ein stor suksess hos kritikarane og selde godt. 4. mars 2008 oppnådde albumet platinastatus i USA.

Plant og Krauss la ut på ein turne i USA og Europa i april 2008, og spelte musikk frå Raising Sand og anna tradisjonell amerikanske musikk, i tillegg til omarbeidde Led Zeppelin-songar. Albumet vart nominert til Mercury Prize i juli 2008.[19] I 2008 dukka Plant overraskande opp på Fairport Convention-konserten deira i 2008 på Cropredy Festival, der han song på Led Zeppelin sin «The Battle of Evermore» med Kristina Donahue som ein hyllest til Sandy Denny.

Med Band of Joy (2010)[endre | endre wikiteksten]

Plant med Band of Joy i Birmingham Symphony Hall, 27. oktober 2010

I juli 2010 la Robert Plant ut på ein sommarturne i USA med bandet Band of Joy (som var namnet på det første bandet hans i 1960-åra). Med i gruppa var songaren Patty Griffin, gitarist Buddy Miller, multi-instrumentalist og vokalist Darrell Scott, bassist-vokalist Byron House, og trommeslagar-perkusjonist-vokalist Marco Giovino. Seinare på hausten spela dei i Europa fram til november 2010.[20] I starten av 2011 spela dei igjen i Nord-Amerika.[21]

Eit nytt studioalbum, Band of Joy kom ut den 13. september 2010 på Rounder Records[22]

Led Zeppelin-relaterte prosjekt[endre | endre wikiteksten]

Plant spelte med dei gjenverande medlemmane i Led Zeppelin både den 13. juli 1985 for Live Aid (med Phil Collins og Tony Thompson på trommer) og den 15. mai 1988 for Atlantic Records 40th Anniversary. I 1988 spelte Jason Bonham, sonen til John Bonham, trommer. Begge gongane spelte dei berre nokre få songar, med minimalt med øving føre. Plant var misnøgd med begge framføringane, og sa «det er som å sove med i same seng som eks-kona, men ikkje ha sex.» I 1990 spelte Plant i lag med Jimmy Page på Knebworth. Led Zeppelin vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1995, og Plant spelte under seremonien med Jimmy Page, John Paul Jones, Jason Bonham, Neil Young, Steven Tyler og Joe Perry, på songane «Bring It On Home», «Honeybee» og «When the Levee Breaks».

Etter fleire år med gjenforeiningsrykte, spelte Led Zeppelin endeleg ein full konsert i lag den 10. desember 2007 under ein støttekonsert for Ahmet Ertegün, med Jason Bonham igjen på trommer. Trass i enorm etterspurnad, sa Plant nei til $200 millionar han vart tilboden for å legge ut på turne med Led Zeppelin etter konserten i 2007.[23] I intervju i 2007 hadde Plant døra open for framtidige konsertar med Led Zeppelin, men har sidan sagt at han ikkje ønskte å turne som ein gjeng kjedelege gamle menn som følgde Rolling Stones rundt omkring.[24]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Robert Plant er ein av dei viktigaste songarane innan rock og stilen hans har påverka mange av hans samtidige, som Geddy Lee, Ann Wilson,[25] Sammy Hagar,[26] og seinare vokalistar som Jeff Buckley. Freddie Mercury frå Queen og Axl Rose frå Guns N' Roses var òg påverka av Plant.[2] Encyclopædia Britannica skriv at «med den overdrivne vokalstilen og den uttrykksfulle paletten til bluessongarar som Howlin' Wolf og Muddy Waters, skapte Plant ein stil som definerte mykje av synginga i hardrock og heavy metal: stor rekkevidde, mykje forvrenging, høgt volum og mykje kjensler».[27] Plant fekk på Knebworth Silver Clef Award i 1990.[28]

I 2006 kåra heavy metal-magasinet Hit Parader Plant som den største metal-vokalisten gjennom tidene, ei liste som hadde med Rob Halford (2), Steven Tyler (3), Freddie Mercury (6), Geddy Lee (13) og Paul Stanley (18), som alle var påverka av Plant.[3] I 2008 sette Rolling Stone Plant på 15. plass på lista deira over dei 100 beste songarane gjennom tidene.[2] I 2009 vart han av lyttarane til Planet Rock kåra til den største stemma i rocken.[4][5] Plant vart Commander of the Order of the British Empire (CBE) i 2009 for tenestene sine til popmusikken.[29][30] Han var på lista til Q magazine i 2009 over «hundreårets artistar» og vart rangert på 8. plass på lista deira over dei 100 beste songarane i 2007.[31][32]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Samleplater[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Veteran Robert Plant steals show at Grammys The Guardian Henta 28. mars 2011
  2. 2,0 2,1 2,2 100 Greatest Singers Of All Time: Robert Plant Rolling Stone Henta Henta 28. mars 2011
  3. 3,0 3,1 Hit Parader’s Top 100 Metal Vocalists Of All Time Theinsider.com Henta 28. mars 2011
  4. 4,0 4,1 Plant is still top of the tree The Sun Henta 28. mars 2011
  5. 5,0 5,1 Robert Plant voted 'greatest voice in rock'. NME. Henta 28. mars 2011.
  6. Led-Zeppelin.org. «Led Zeppelin Assorted Info». http://www.led-zeppelin.org/reference/index.php?m=assorted3. 
  7. Led Zeppelin In Their Own Words compiled by Paul Kendall (1981), London: Omnibus Press. ISBN 0-86001-932-2, s. 14.
  8. Dave Lewis and Simon Pallett (1997) Led Zeppelin: The Concert File, London: Omnibus Press. ISBN 0-7119-5307-4, s. 10.
  9. Hammer Of the Gods, av Stephen Davis ISBN 1-57297-306-4 (p.48-49)
  10. Gilmore, Mikal (10 August 2006). «The Long Shadow of Led Zeppelin». Rolling Stone (1006). 
  11. Dave Schulps, Interview with Jimmy Page, Trouser Press, oktober 1977.
  12. Ian Fortnam, "Dazed & confused", Classic Rock Magazine: Classic Rock Presents Led Zeppelin, 2008, s. 39.
  13. The History of Rock 'n' Roll: The '70s: Have a Nice Decade
  14. Dave Lewis (2003), Led Zeppelin: Celebration II: The 'Tight But Loose' Files, London: Omnibus Press. ISBN 1-84449-056-4, s. 54.
  15. Kent, Nick. "Led Zeppelin: Eyewitness." Mojo Magazine: Classic Rock Special Issue (2009, Volume 2, 1ssue 6), s. 104.
  16. Andy Gill (2010-08-27). «Robert Plant: 'I feel so far away from heavy rock'». The Independent. 
  17. "Their Time is Gonna Come", Classic Rock Magazine: Classic Rock Presents Led Zeppelin, 2008.
  18. List of Grammy winners
  19. Mercury picks dark horses and rising stars, The Guardian, 23 July 2008. Henta 28. mars 2011.
  20. «Robert Plant Official Website / Tour». Robertplant.com. http://www.robertplant.com/tour/. Henta 28. mars 2011. 
  21. «Rounder Records Website / Tour». rounder.com. http://www.rounder.com/artist/news/detail.aspx?nid=4485&aid=8790. Henta 28. mars 2011. 
  22. led-zeppelin.org/news
  23. Robert Plant Turns Down $200 million for Zeppelin Reunion Tour @ JustPressPlay
  24. / Robert Dismisses Talk of Zeppelin Tour
  25. Wilson, Ann. «Ann Wilson Song By Song description - Hope & Glory». http://www.virb.com/annwilson/blog/269807. Henta 28. mars 2011. 
  26. «100 Greatest Artists of Hard Rock». VH1 The Greatest.
  27. Susan Fast, "Led Zeppelin (British Rock Group)", Encyclopædia Britannica
  28. Knebworth: The Silver Clef Award Winners-Volumes One, to & Three (1990)
  29. Mal:London Gazette
  30. Led Zeppelin's Robert Plant joins Establishment after accepting CBE from Prince Charles. Daily Mail. Henta 28. mars 2011.
  31. UK’s ‘Q’ Magazine Lists Their Artists Of The Century
  32. Q - 100 Greatest Singers

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Robert Plant