Stubb-breen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 65°41′S 62°10′W
Stubb-breen
isbre
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Graham Land
 - koordinatar 65°41′S 62°10′W
Lengd 20 km
Administrert under Antarktistraktaten
Stubb-breen is located in Antarktis
Stubb-breen (Antarktis)

Stubb-breen er ein isbre, 20 km lang, som flyt aust og ut i Scarfjorden mellom Mount Queequeg og Tashtego Point, på austkysten av Graham Land. Dei nedre delane av denne breen vart kartlagte og fotograferte av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1947, og den øvre delen vart kartlagt i 1955. Han vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1956 etter førstestyrmannen på «Pequod» i Herman Melville-romanen Moby Dick.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Stubb Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).