Stylteløparar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stylteløparar
Svartkronestylteløpar, Himantopus mexicanus, i California Foto: J.T. Storey
Svartkronestylteløpar, Himantopus mexicanus, i California
Foto: J.T. Storey
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Avosettfamilien Recurvirostridae
Slekt: Stylteløparar Himantopus
Brisson, 1760

Stylteløparar, er ei samnemning for nokre av vadefuglane i avosettfamilien, Recurvirostridae, som har langt, rettpeikande nebb og særs lange bein. Stylteløparar er spreidde på alle kontinent unntatt Antarktis. Habitatet deira er våtmarker med brakkvatn eller saltvatn i varmt eller særs varmt klima. Dei beitar vanlegvis på vasslevande insekt og andre smådyr og hekkar på bakken i lause koloniar. Desse fuglane har fjørdrakt i ein kombinasjon av svart og kvitt med svart overside. Eit unntak er den utdryddingstrua svartstylteløparNew Zealand som er heilt svart. Svartstylteløpar skil seg òg frå dei andre artane ved at han ikkje er kolonihekkar.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Stylteløparar er assosiert med slekta Himantopus, men beltestylteløpar er i si eiga slekt Cladorhynchus.

Stylteløparar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Slekt Himantopus

Slekt Cladorhynchus

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (september 2012), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2012 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)