Gudinna Nike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gudinna Nike

Identifisert medVictoria
MorStyx
FarPallas i gresk mytologi

Nike (gresk Νίκη, 'Siger', uttalt nǐːkɛː) er sigersgudinna i gresk mytologi. I romersk mytologi blir denne gudinna kalla Victoria.[1]

Nike med tymiaterion. Attisk raudvasebilde frå kring år 490. f.Kr.
Romersk bronsemynt med sigersgudinna Victoria.

Nike er ein allegorisk personifikasjon av siger. Dette gjeld ikkje berre den blodige sigeren i krig, men òg den fredelege sigeren i greske tevlingar og elles i alle typar suksess ein kunne vinna.

Ifølgje Hesiod var Nike dotter av elvegudinna Styx og titanen Pallas.[2][3] Ho blei ofte kopla til dei sigersgjevande gudane Zevs og Atene, og kultbilda deira har ofte ein Nike-statue med venger. Etterkvart kom ho til å smeltast ihop med Atene til Atene Nike, som Atene Nike-templet i Aten var tileigna. Der var kultbida av Atene utan venger, bortsett frå Nike-figurane på marmorbalustraden, der ein mellom anna finn den kjende ‘Nike som rettar på sandalen’.[4]

I biletkunsten blir sigersgudinna framstilt som ein blømande, kraftfullt skapt jomfru i fotside, flagrande klede. Ho har vanlegvis venger, og har ofte sigersteikn som krans og palmekvist i handa, eller ein fanfaretrompet som forkynner sigersbodskapen. Av og til blir ho òg vist i ei triumfvogn og der ho sjølv køyrer spannet. Ho er òg blitt avbilda i skriftrullar frå det eldgamle biblioteket i Alexandria.

Nikestatuer var eit populært motiv i gresk kunst. Nike frå Samothráki er truleg det best kjende dømet. Nike frå Dílos av Arkhermos høyrer til dei eldste døma. Ein annan, meir kjend statue er Paionios Nike.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nike - Uppslagsverk - NE.se». www.ne.se. Henta 13. desember 2022. 
  2. «NIKE - Greek Goddess of Victory (Roman Victoria)». www.theoi.com. Henta 13. desember 2022. 
  3. Cartwright, Mark. «Nike». World History Encyclopedia (på engelsk). Henta 13. desember 2022. 
  4. Carlquist, Gunnar: Svensk uppslagsbok. Bd 19, Svensk Uppslagsbok AB, Malmö 1937, s. 1139. 
  5. Carlquist, Gunnar: Svensk uppslagsbok. Bd 19, Svensk Uppslagsbok AB, Malmö 1937, s. 1139. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Gudinna Nike