Suharto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Suharto
President Suharto, 1993.jpg
Fødd 8. juni 1921
Kemusuk
Død

27. januar 2008
Jakarta

Suharto på Commons

Suharto (192127. januar 2008) var den andre presidenten i republikken Indonesia. Han styrte landet med jarnhand frå då Ahmed Sukarno vart styrta i 1967 til dess han sjølv vart tvinga gå av i 1998.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Haji Muhamed Suharto var fødd i landbyen Kemusuk på øya Java i den dåverande kolonien Nederlandsk Aust-India. Foreldra vart skilde då han var liten og han voks opp i små kår, mykje hos fosterforeldre.

Under den japanske okkupasjonen av Indonesia 1942-45 gjorde Suharto teneste i dei japansk-kontrollerte indonesiske militær-styrkane. Då fridomskampen tok fart gjekk han inn i den nydanna indonesiske hæren. Etter frigjeringa i 1949 steig Suharto i gradane og var i 1965 generalmajor.

Statsleiar[endre | endre wikiteksten]

Eit forsøk på statskupp 30. september 1965 vart slått ned av Suharto-leidde troppar. Det vart hevda kuppforsøket var støtta av det indonesiske kommunistpartiet. Suharto stilte seg så i spissen for eit militærkupp. Hæren slo ned venstreorienterte demonstrasjonar og sette omgåande i gang med å fengsle og drepe kommunistar, i det som etterretningsorganet CIA i USA har skildra som eit av dei verste massemyrderia i det 20. hundreåret. Suharto greip meir og meir makt frå den sitjande presidenten, Ahmed Sukarno. I 1966 vart Suharto regjeringssjef og tok året etter over som fungerande president, innsett offisielt 27. mars 1968.

Suharto sette i verk store samfunnsendringar gjennom det som har vorte kalla av-sukarnosering. Gjennom politikken sin skapte Suharto ei sterk, sentralisert og militær-dominert regjering. Målet var å opprette stabilitet og halde kontroll over det mangearta og spreidde indonesiske riket. For si anti-kommunistiske linje fekk han heilhjerta støtte frå USA, både økonomisk og diplomatisk.

I dei fyrste tjue åra av Suharto si regjeringstid betra dei økonomiske tilhøva seg med omfattande industrialisering. Både helsestellet, undervisningssektoren og levestandarden betra seg mykje. Han slo ned på all meiningsmotstand, så politisk var Indonesia i realiteten eit militærdiktatur. Etter 1990 auka misnøya med det autoritære hardstyret til Suharto og den stendig meir omseggripande korrupsjonen. Ei alvorleg pengekrise leidde til omfattande uro i landet og han vart tvinga til å gå av i mai 1998.

Transparency International meiner Suharto har vore den mest korrupte statsleiaren i tida etter 1950, og skal ha sikra seg ein stad mellom 100 til 300 milliardar kroner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]